onsdag 27. juni 2007

Sjel vs. ont i magen

I dag kom Mattias Fyhr, forelesaren i litteratur på dette underbara svenskkurset I Stockholm, med eit gørfint sitat. Eit som er gøttere enn prim. Det var snakk om menneske og sjeler og overnaturlege saker, og han siterte Astrid Lindgren. I eit intervju hadde ho fått frågan om ho trudde mennesket har sjel, og då hadde ho svara ungefär såhär: "Ja, det måste vi ju ha, vad annat är det som driver oss, det kan ju inte vara ont i magen". Makan til klokt kvinnfolk. R-E-S-P-E-K-T.

Eg liker meg veldig godt her i den svenske hovudstaden. Eg er særleg svak for Gamla Stan. Og midsommarafton-feiringa. Ein vakker dag skal eg dra hit att, på same tid, for å få det med meg nok ein gong. Karin: du er herved invitert. Hybelen har ikkje blitt direkte heimekoseleg akkurat, men no har eg greidd ei og ei halv veke, så då greier eg vel ei og ei halv til.

Det er ikkje tid og rom til å (b)loggføre alt vi har gjort den siste veka, men eg kan klistra inn nokre blinkskot.










Midsommarstången är på plats!
Etterpå dansar dei rundt, synger ein haug med songar, til dømes "Så går vi rundt om en enebærbusk", berre at dei ikkje syng akkurat enebærbusk.
















Reklamekampanje som går rett på sak.











Eg kan vera morosam og seia noko om ølbriller, men det skal eg ikkje.











Det synest ikkje så godt, men steinen framfor Silje og meg er ein runestein. Ein gørgammal ein.

tirsdag 19. juni 2007

Jag är i kents hemland. Kul, va'?

Klokka halv seks måndag morgon peip mobilalarmen og noko nytt og ukjent tok til. Fridtun starta reisa til Stockholm. Eit trevekerskurs i svensk språk og litteratur, med svenskar og danskar og finnar omkring på alle kantar. Jössånöfyse. Det er fali', det, ville Ludvig sagt. For litt skummelt er det sjölvsagt. Heldigvis er Silje med, vi möttest på Gardermoen i halv åtte-tida. Eg hadet-nussa frökna mi, og gav mig iväg.

Förre laurdag fekk eg ei genial spörjebok av min kjäre. Vi hade varit tillsammans i nio månader, förstås. Ei quizbok av Hegge, Uri og Lomheim. Det er klart ho heiter Quizleis. Boka, altså. Silje og eg varma opp til sommarkurset med språkspörsmål. Triveleg, det også.

Resan gick strålande, fast på flytoget anade Silje uglar i mosen. När vi körde in mot centralstationen kom det en röst på högtalaren som sade något så som: "Mina damar och herrar. Hjärtligt välkomna till Stockholm. Tack för att ni har valt att resa med Fly-Express-etellerannat, det raskaste och mest miljövänliga sättet att ta sig in til staden. Jag, Karin Alvtegen, hoppas Ni får et trevligt besök i Stockholm, jag önskar Er varmt välkomna, och hoppas Ni får några riktig goda dagar här i Stockholm" - då utbröt Silje "Ka i.. er vi på spa, eller?!" Kanske var det et "have-to-be-there-moment", men det var jäkla roligt. Jag skrattade. På bildet ser ni dom långa rulltrapporna som finns överallt i staden.








Sidan strevde vi oss opp til Universitetet, fekk nyklar av Ulrika ("hon skötar dom praktiska sakerna vid kursen, vi har någon annan som skötar det opraktiska" - Mr. R. Palm), og kom oss opp til Lappkärsberget, eller Lappis. Ein diger studentby. Ja visst. Greitt. Men rommet mitt lukta (og såg ut) som eit renseanlegg. Fy fasan. Skrekkbilete m.m. kjem snart. Ulrika fekk ein avlöpsfyr til å rensa opp diverse greier på badet, så no kan eg leva med forholda. Det verste var eigentleg fotspora i stövet - under senga! Eg böygde meg for å sjå kor mange hybelkaninar som var under der, men såg i staden fem tär og resten av eit fotblad. Fy farao, vad hemskt.









På kvelden var det ertsoppa med fläsk, öl och punsj, på riktig svensk vis. Ålreite greier. Etterpå satt vi ein gjeng og skravla like ved universitetsinngangen, og gjett kva vi fekk sjå! Ein bataljon ROTTER som sprang omkring utanfor, hit og dit, rundt omkring, med dei nakne halane sine. Fysjom.

I dag har vi hatt nokre introduksjonstimar og vore på vandring i staden. Gamla stan var görfin, Silje og eg har allereie planlagt å dra inn om ikkje lenge for å sjå meir og kolla småbutikkane i bydelen.

Gravstenen tilhøyrer Cornelis Vreeswijk. I det gule huset har Carl Michael Bellman budd.







No må eg ta kvelden, for datasalen stenger straks.

Hejdå på badrummet, som jag brukar säga.

søndag 27. mai 2007

where soul meets body


Hvor Glommen brer seg baner, sin vei mot havet frem
blant furu og blant graner, der har vi fått vårt hjem.

Og Glommens trygge styrke har merket ferd og sinn

og skogens sus har sunget sitt vemod i oss inn.


Når vestenhimlen gløder i solnedgangens prakt,
og liens løvtrær møter i sin septemberdrakt,

da er vel bygden vakker, dens
skjønnhet gjør deg stum,
da vet vi at vi elsker vårt fagre Elverum.

Elverumssangen - Johan Schulstad.



Fuglar i furuene utafor soveromsvindauget,
småsysken på andre sida av middagsbordet.


Fem timar heime og eg har allereie sprungi berrføtt på skogsstigen, vassa i bekken, nussa K. på hoppbakkestillaset, lesi lokalaviser med ein kaffikopp frå Sparebanken Hedmark i nævan. Og eti is på den velkjende Soppen.


















lørdag 19. mai 2007

i dag liker eg to ting på s.

Sola og skogen.

Sola fordi ho ligg og lurer mellom ryggvirvlane, varm som eit smil,
og snart kjem ho fram i huda.

Skogen fordi han susar slik ein skog skal,
innimellom fugleplystring og joggeskoskritt på ein mjuk stig.


Å! Eg liker ein ting til. På s.
Sundag om ei veke.
Då kan eg gje veslesyster ein nuss på kjakan
og trø over golvplankane på barnerommet mitt,
gløyme alt som er tid.
Slå graset. Plukke kvitveis til bestemor.

Det blir fint. Men no er det no
og eg skal gløtte litt i ein boks med spegel i.













(Biletet er åtte år på fredag. Hurra!)

onsdag 9. mai 2007

(kom)posisjon: levande

I dag skal eg formulera meg stutt & kryptisk. Først med elleve ord, så med seks. Det blir sytten til saman. Samt renter i innspurten.



Øvst i gatelykta:

kråka i kjole
og kvitt

skin ut sola.

*

Seks strenger:

på akkord
med livet.

*

Legg til litt sludd og André M.R. (Majestet Rex (mektig tittel)), og midtvekedagen min er fullstendig.

lørdag 28. april 2007

Lydspor: sjufyrasju

Eg har eit album som heiter Isola. Det er ei plate eg sett veldig høgt, difor er det kanskje rart at ho berre står i andletshøgd i cd-hylla mi, eg er jo knapt 163, og det på ein god dag. Men eg vil ha Isola rett framfor auga. Ikkje det at eg spelar albumet sjeldan og treng å bli minna på at eg har det, nei, men eg spelar det oftare viss det står der, eg får det liksom midt i fleisen, og kvar gong plata snurrar i spelaren tenkjer eg "No var det jammen godt du dukka opp".
Isola. Ikkje island, ikkje île, ikkje Insel, isla, insulo eller noko så enkelt som ö. Eller øy, då, for den saks skuld. Nei, Isola. Eg tenkjer isolasjon.
Før eg fekk albumet, var det italienske ordtilfanget mitt lik null. No kan eg i det minste eitt ord. Isola tyder øy. Og eg held fram med å tenkja isolasjon. Kanskje ikkje så rart, den tradisjonelle definisjonen på øy er ein landflekk med vatn rundt. Landflekk er kanskje ikkje heilt rett, ein finn jo øyar i alle storleikar. Alle kontinenta er vel eigentleg øyar, når eg tenkjer meg om. Land med vatn rundt. Den klassiske øya. Ein isolert landklatt.
I syntaksboka mi står det óg noko om øyar. Eg trur ikkje førekomsten av palmar, nedgravne skattar og kannibalar er særleg stor der. Men det spørst kanskje korleis ein ser det. Eg les at dei syntaktiske øyane er undersetningar som ledda ikkje kjem seg vekk frå. Leddet er stranda på ei øy, sitt fast, kan ikkje tematiserast, skipet har sokki, toget har gått, bilen er tom for bensin. Hah. "Heile verda fryktar du truleg tanken på ein katastrofe som kan øydelegga". Ja visst. Heile verda er stuck.
Men albumet. Det er som ei øy. Som isolasjon, som avstenging. Friviljug einsemd. Eg liker det så innmari godt. Og viss eg sløkkjer lyset og skrur opp lyden... Då er mørkret vatn og musikken jord og vêret kan vera hur fan som helst, for eg forstår akkurat kva Jocke meiner når han syng "Vi är på väg till Isola". Du & jag, eg og ingen, eg og alt, eg og eg og eg.
Det er fint å vera litt ego. Setta ei øy i spelaren og stranda seg sjølv. Berre litt. Berre nok til at det er godt å vera åleine og godt å vera med andre. Då er eg nøgd. Då er eg eg.