søndag 7. desember 2014

fridtun (hus)morar seg: ferding spessial II

Tradisjonen tru skal heimeskrivande husmor gjera greida for kvar ho hev arbeidt i året som snart er fare. Jamvel i 2014 hev ho gjort anna en å sitja inne på cella si og krota (trass i at det er dét ho helst vil gjera, heile tidi - og dei neste månadene skal ho mest berre skriva! O frygd!) Vel, det hev vore mykje ferding, og meir flyging en husmori likar, men slik er det.

I lista er einast arbeidsturar tekne med, hugsam heimferding til m.a. Voss og Elverum er noko for seg. (Stader ho hev vore mange gonger, er sjølvsagt tekne med mange gonger, i år som i fjor.) Det heile er temmeleg austlandstungt:


Oslo  Stavanger  Oslo  Asker  Sandefjord  Sarpsborg  Stokke  Fredrikstad  Tønsberg  Modum  Oslo  Bergen  Trondheim  Stavanger  Asker  Bergen  Trondheim  Oslo  Oslo  Asker  Ås  Hadeland  Trondheim  Ål  Oslo  Gol  Hemsedal  Oslo  Oslo  Notodden  Oslo  Ålesund  Oslo  Hamar  Oslo  Bergen.

Med andre ord: mykje Oslo i år, ofta hev ho vore der fleire dagar i strekk. Husmori funderer no på um ho skal lengja tittelen sin til urban heimeskrivande husmor.


mandag 1. desember 2014

morgonscena frå eit skriveliv

Å sitja inne på skriveromet medan det langsamt lysnar utanfor, med mange trådar, utan å heilt vita kven av deim det er best å gripa tak i fyrst, glytta i nokre ordbøker, i andre bøker, i eigne nedteikningar, glo ned på papiret, glo i veggen, tenkja at det er ingi skam å glo i veggen, glo ned på papiret att, krota ned noko, strjuka yver det, slå blyanten lett mot vinstrehandi, finna ein annan tråd, ei betre opning, skriva ut ei ny setning, seint og prøvande, og so er det rett, og so kjem det rennande, so hev eg brådt eit opningsavsnitt til kapittel 2 og so finn eg meg ein kopp kaffi.



lørdag 15. november 2014

tanke/turn

Lesnad:

«Ein kan seie at eit språks grammatikk også er ein slik spegel som speglar relasjonane i verda, eller lagar eit samanlikningsgrunnlag, og ho [Inger Christensen] seier at 'man som digter må lære at elske præpositionerne, fordi de, nærmest urimeligt usynlige som de er, er dem der holder bevidstheden i samme slags bevægelse som verden'. Dette kan vi jo teste ved å ved å mumle preposisjonar høgt for oss sjølv og samstundes kjenne etter kva det gjer med medvitet vårt når vi seier dei slik etter kvarandre: over, under, gjennom, mellom, framfor, mot, på, omkring, ved, til, bak, i - etc. Blir ikkje medvitet vårt dradd av garde som på ei merkeleg berg og dal-bane av rørsle, og blir ikkje medvitet vårt etter avslutta ferd ovandotten over dette, og har ikkje medvitet lyst til å bryte ut i jubel over språkets makt, og særleg preposisjonane si makt, og har ein ikkje lyst til å skrive ei novelle for kvar preposisjon [...]? Jau, ein får kjempelyst.»

 
Gunnhild Øyehaug: «Rein som snø» (s. 139) i Stol og ekstase (2006)


søndag 9. november 2014

kos med dyr

I eit intervju i tidsskriftet Bokvennen (2/2014) segjer Tor Åge Bringsværd: 

«Jeg nærer en dyp mistro til mennesker som ikke vil vedkjenne seg sin barndoms kosedyr.»

Her i huset hev me inkje imot å vedkjenna oss vår barndoms kosedyr, som jamvel er vår vaksendoms kosedyr. (Døme på vaksen bruk av kosedyr: å ha det i bukselumma på eksamen ved universitetet.) Me kunngjer gjerne at me hev kosedyr, at me stundom talar ved deim og at me elles hev stor gleda av selskapet deira. Det er tale um tri fine gutar: 




Frå vinstre: Pelle Kanin (som underskrivne fekk då hen var tvo dagar gamal), Preben (som nettnerden såg på IKEA, syntest synd på og tok med seg), Katten (som nerden fekk då ho var temmeleg nyfødd). Her ligg dei på turkestativet ute i stova, av di Pelle just hev lauga seg.
Til vanleg vaktar dei sengi, då ligg Pelle og Katten i munnen på Preben.

Me vil elles nytta høvet til å senda ei stor takk til alle mødrer som upp gjennom tidi hev vølt og lappa saman tallause kosedyr!


søndag 2. november 2014

haustinteriør med K & I (bonusmateriale)

Nettnerden lagde i går ut eit innlegg um dei nye hyllone våre. Lat det fyrst vera sagt at eg stiller meg fullt og heilt bak formi og innehaldet. Endå sit eg på nokre upplysningar som hev vore undanteke ålmenta - til no. 

For det fyrste: Nettnerden fekk mellombìlse mein etter ho sette saman hyllone. (Det var ho som tok seg av det, må vita. Reven er trehendt og sat dessutan med viktugt skrivearbeid.) Ho vart beint fram styrd [støL] i låri, rauvi, nakken og noko i ryggen. No kann de venda inn: Reven skulde hjelpt til, ikkje sete der med krotet sitt! Nei: Der og då var det uråd å vita at verksemdi skulde få slike fylgjor. Dessutan hadde korkje bøn, tvang, smeik eller ville hestar greidt å venda nettnerden frå uppgåva. Det er reine meditasjonen, fær me vita. Eller god avkopling, då. Etter det siste me hev høyrt um saki, er likamen noko betre i dag.  

For det andre: Det gjekk ikkje ljodlaust til. Det var hamring, dessutan var det (for å segja det med Vazelina Bilopphøggers) musikk tel ærbe: ein kasett med Tone Hulbækmo. Allsong til telebondemannen, so godt det lét seg gjera. 

For det tridje: Det er rett at nettnerden stundom uroar reven i skrivearbeidet (jf. legofigurane). Lika fullt pliktar eg å upplysa dykk um at det motsette òg er tilfellet. Til dømes hender det tidt at reven smett inn frå sida just i det nerden skal setja tennene i eit knekkbraud eller sutlar med te. Slike uromoment lyt ein plent rekna med.

*

torsdag 23. oktober 2014

merkedag II

I dag hev nettnerden og husmori vore skakke ektefolk i fire månader! Granittbrudlaupet nærmar seg med stormstìg.

Dei gladgifte makane høgtida dagen med å – for fyrste gong i haust – slå på golvvarmen på badet.


onsdag 15. oktober 2014

burte bra osb.

Heimeskrivande husmor er no godt inne i den fyrste fulle heimevika si på ei stund (nærmare jol fær de ferdayversyn for året som fór, tradisjonen tru). Då kann ho sitja inne på skrivekotet sitt og arbeida i ro og mak. Ho-ho-ho! Sant å segja sit ho gjerne ved kjøkenbordet òg, mang ein Prøysen-stubb er skriven der. Med penn og papir og bøker utyver heile bordplata. Det er no slikt arbeid som hugar henne best. Ja, i det heile lyt ho sanna at heimelivet byd på mange gledor. Til dømes:

- ei samrøda med Mikkel/kjetto (men i dag skulde han visst spy att)
- høglydt jubel frå nettnerden (av di husmori hev skift på sengi)
- ange av nybaka braud (made by nettnerden)
- å spela høg musikk og gaula attåt (huseigarane var ikkje heime)
- kattepass (av di huseigarane ikkje var heime)
- tvosam lesestund i sofakroken (men med kvar si bok)
- gratis og lett tilgjengeleg kaffi (som smakar godt)
- P2 til frukosten (det er mogleg burte òg, då, men)
- det er stilt! (når ho ikkje spelar høg musikk)
- nettnerd som fær A+ på islendskleksa (rosalega flott!)

So det.