søndag 8. desember 2013

Ivar Aasen er DAUD

Enno er det nokre vikor att av Aasen-året. For meg er det i grunnen Aasen-år stødt – ja, kvar dag er Aasen-dag, spyrr du meg. Fylgjeleg skal eg halda fram med å skriva smått og stort um denne karen i tidi som kjem òg, anten de vil eller ikkje. I dag skal eg fortelja dykk um ein kjepphest som Aasen og eg rid i lag. Jiiiiha!

Svært mange hev lært at det er stygt å segja at ein person daud. Eg hev høyrt småe ungar ned i 10-11-årsalderen retta på kvarandre, til dømes tvo gjentor på bussen i Nidaros, der ei av deim sagde: «Nabo'n min e dau'.» Då kom det straks frå ho hine: «Nei, det e stygt å si! Du må si at'n e '.» Men kvifor det? Daud og død – det er då plent det same ordet, berre i ulik form? 

Skilnaden er at dau' hev vore den utan tvil vanlegaste uttaleformi i talemål yver heile landet i mange hundrad år. So det, so!' og død hev kome inn seinare, i hovudsak frå dansk. Og kven tala dansk? Dei «fine». So var det vel nokon av dette finfolket som vart støytte og okka og bar seg, og so sende dei ut ålvorsord i aust og vest og greidde å yvertyda det jamne folket um at dau' var grovt og rått og vyrdlaust og ein styggedom – dei laut segja ', i minsto i høgtidssame stunder. Trur eg, då. Noko prov hev eg ikkje. I alle fall hadde mange lært seg til å segja ' tidleg på 1800-talet, då Aasen fór kringum på granskingsferd. Det lika han ikkje!

Lat oss fyrst sjå kva han skreiv um saki i Prøver af Landsmaalet i Norge, som kom ut i 1853. I ei målprøva frå Telemark ser me at informanten hev nytta formi '. Aasen legg inn ein merknad til ordet, og der stend det: «For daud. Ogsaa i mange andre Distrikter gjøres den latterlige Forskjel imellem død og daud, at det første bruges i Alvor og om Mennesker, men det sidste kun om Dyr og i Spøg.» 

So gjeng me til storverket Norsk Grammatik frå 1864. Aasen held seg i skinnet lenge, til dømes skriv han ein stad: «I nogle faa Ord er Ø for Au blevet meget utbredt i Landet, nemlig i Brød (for Braud), Nød (Naud), Død (Daude).» Alt vel so langt. Men han greider ikkje lata vera, og mot slutten høgg han til:

«Det danske Bogmaal har saa længe været fremstillet som Mønster for den norske Talebrug, at det ikke er at undres paa, at ogsaa Almuen tildeels har søgt at lempe sig derefter. [...] I Samtale med fremmede eller reisende Personer ville Landsfolk ogsaa gjerne Tale saa dansk som muligt og vogte sig for at bruge sine egne gammeldags Udtryk, saa at vistnok mange Fremmede komme til at faae et meget feilagtigt Begreb om Landets Talebrug. Paa flere Steder ansees de norske Former at være for simple i en Tale om gudelige Ting, og der findes endog Exempler paa, at et Ord kan bruges i to Former, en dansk til bedre Brug og en norsk til andre Ting; saaledes pleier man paa nogle Steder at sige ‘daud’ om Dyr, men derimod ‘død’ om Mennesker, hvorefter altsaa den norske Form skulde være god nok, naar der Tales om Fæ, men ikke ellers. Og naar det skal være rigtig vakkert, vil man nok ikke heller være synderlig vel tilfreds med saadanne Former som: Aaker, Skaap, Skot, Skuld, djup, turr, og lignende, da de ikke passe til Mønstersproget og altsaa kunne vække Mistanke om Mangel paa ‘Dannelse’.»

 Ja-ja. I Norsk Ordbog frå 1873 er det på'n att. Uppslaget til daud ser slik ut:

daud, adj. 1) død, ikke længere levende. G. N. daudr. (Goth. dauþs). 2) stille, uden Liv eller Rørelse (om et Sted); ogsaa kraftløs, uvirksom, f. Ex. om jord. At man paa nogle Steder adskiller daud og død, saa at det første bruges om Dyr og det sidste om Mennesker, grunder sig kun paa en falsk Forestilling.

Sanneleg eg segjer dykk: Det er ikkje stygt å segja dau'! Tvert um, det er god norsk. Og eg hev Ivar Aasen i ryggen, so det nyttar ikkje å segja imot. I alle fall bør me gjera Aasen den æra, at me brukar daud når me talar um honom.



mandag 25. november 2013

fridtun (hus)morar seg: ferding spessial

Eit tidlegare innlegg i denne halvdaude (men svært seigliva) husmorbloggen, lova husmori at ho skulde fortelja dykk kvar ho hev arbeidt i det Herrens år 2013, eller rettare sagt år 200 e.Iv. (etter Ivar Aasen), som no nærmar seg enden. Husmødrer i dag arbeider ikkje berre heime, veit de, nokre av dei arbeider òg ute. Denne husmori hev lagt nokre uvanleg ferdafylte månader attum seg, frå Arendal til sud til Sortland i nord, frå Bergen i vest til Elverum i aust, so no ser ho fram til å sitja inne i hòla si og skriva, attåt kledevask og anna som ho koplar hjernen av med. Men du og du so mykje ho hev sét, og so mange ho hev møtt! Visseleg er dette ingenting jamført med den ferdinga som ministrar og turnerande musikarar og yrkessjåførar og slike driv med, men noko er det då.

No er de vel heilt frå dykk av spaning, so her kjem ho: lista yver stadene/kommunane husmori hev havt arbeidsuppdrag i år (stader ho hev vore fleire gonger, er sjølvsagt nemnde fleire gonger, elles vert lista so stutt).

Og! Det må vera sagt: Husmori hev berre vore utanlands éin gong i år, då ho og maken sykla til Sverike i sumar. Det er litt som med Ivar Aasen, berre at han aldri var utanlands. Vel:

Ål i Hallingdal  Trondheim  Skien  Luster  Lærdal  Sogndal  Høyanger
Elverum  Oslo  Oppdal  Stiklestad  Trondheim  Sveio  Haugesund
Vindafjord  Skånevik  Elverum  Arendal  Kolvereid  Rørvik  Namsos
Steinkjer  Leksvik  Levanger  Oslo  Meråker  Stjørdal  Selbu  Tiller
Gjøvik  Lillehammer  Oppdal  Molde  Ålesund  Førde  Os  Trondheim
Melhus  Trondheim  Orkdal  Meldal  Røros  Bergen  Sortland  Oslo  Bærum

Ja, Bærum var prikken over i-en, tykte den sprengnynorske husmori.


lørdag 9. november 2013

fridtun (hus)morar seg: kids spessial

Ja, de såg rett: Husmori fylgjer straumdraget i samtidi og nyttar kids i stellet for for ungar, born, småtassar og dilikt. Dei som liver tett saman med husmori, veit at husmori elskar å fortelja soga um dette ordet, og no ser det jaggu ut til at høvet byd seg att! Ja, for emnet ho skal dryfta her, er just ferske verdsborgarar.

Kor som er: Ungdom i dag (og vaksne folk som prøver å verka yngre en dei er) nytter gjerne kid, kidden, kids, kidsa, venteleg etter påverknad frå engelsk. Men korleis kom kid inn i engelsk? Frå norsk. Eller nordisk då, rettare sagt norrønt. Kið heiter det i det gamle målet vårt, kid heiter det i landsmålet hans Ivar Aasen, kje heiter det i dag. So då veit de det: Kid tyder i grunnen 'geitunge' (killing = kid-ling). For nokre hundradår sidan tok engelsmennene kið inn i målet sitt, og utpå 1500-talet var det vanleg slang å nytta kid i tydingi 'menneskebarn, unge'. Og no er ordet kome inn att i norsk i den tydingi.

Men dette var no berre ein avsveiv, hovudemnet er som sagt småfolk. Husmori hev ikkje slike skapningar sjølv, men det er uråd å ikkje støyta på dei, og no kjem tvo stubbar som vonleg kann gjev dykk noko å gledjast ved denne sermerkte laurdagen i november (sermerkt av di husmori føddest på denne dagen for 26 år sidan, so det er ikkje reine slumpen at det dregst um småfolk just i dag).


FYRSTE STUBBEN
Husmori hev som kjent ein make, og denne maken hennar tek buss oftare en husmori. På bussen er det stundom kids, og stundom er dei slitsame (serleg éin unge hev merkt seg ut til no), og stundom er dei morosame. Ein dag i oktober kunde maken melda um ein unge som fylgde bodet um å tenke sjæl.

(På bussen)
Unge: Hva står det der?
Mor: «På gjensyn»
Unge: «På gjensyn»?
Mor: Ja, «på gjensyn».
Unge: Er det ikke bedre med «God gjensyn»?

Her hev med ein språknerd i emning, kommenterer maken.


ANDRE STUBBEN
Husmori er ikkje berre husmor; i haust vart ho jamvel gudmor! Eller luvemor, meir presist. Son åt ein nær ven vart døypt ein solrik dag i september, husmori fekk gleda av å taka av luva fyrr ungen skulle få vatn på skallen. Trufaste lesarar av bloggen til husmormaken hugsar vel at husmori spela ei stor rolle i ein av dei underlege draumane til maken, der husmori (òg kalla Reven) ikkje kom heim fyre di ho vilde vera med på nattverd og bønemøte. Vel, i dåpen var det jamvel nattverd, so no fekk maken sjå husmori taka del i nattverden PÅ EKTE. (Og maken er av «hedensk herkomst», so det var nog sterk kost!)

I alle fall: Husmori hev fenge løyve frå dåpsbarnmori til å leggja ut eit lite blinkskot frå dagen. Den raude veggen bak henne er sudsida av Elverum kyrkje, der husmori sjølv vart døypt og konfirmert.





mandag 28. oktober 2013

fridtun (hus)morar seg: heimfrygd

Me hev mange ord for det å lengta heim (heimlengt, heimhug, heimfus, heimtrå mfl.), men husmori kjem ikkje på noko ord som målber den umåtelege sæla som vell fram og fyller likamen når me endeleg er komne heim. Difor sit ho no og held sleppfest (med te og ein neve mandlar) for nyvinningi heimfrygd, eit ord som vonleg vert til gagn og gleda for heimekjære sjeler kringum i landet.

Som de vel veit, hev husmori vore mykje burte i haust: Mest heile september og oktober fór ho ikring og forkynte evangeliet um Ivar/Iver Aasen eller preika um anna som hev med ord og mål å gjera. Det er ulikt husmori å halda på slik, «med denne vidtløftige Omflakning» (Aasen), ho som stødt hev lika seg best heime ved skrivebordet. Men so hev ho eit gildt heimland å ferdast i òg, då, det må ho berre få sagt. Når året nærmar seg enden, skal ho rekna upp alle stadene for dykk. Gled dykk!

Husmori hev høyrt um folk som plent «møter veggen» når dei kjem tilbake til «kvardagen» etter mange dagar og vikor på rundreis eller turné, men ho hev ikkje merka noko til det. Ho opna lett med litt kontorarbeid, attvinning av glas og metall, støvsuging, kledevask, meir kontorarbeid og litt skriving, og ho gjekk ikkje på veggen ein einaste gong (jamvel um skrivaren gjekk tom for blekk). «Fylgjeleg ser det ljost ut for meg, endå året er på sitt myrkaste», klukkar ho.

Og snart kjem det husmormoteinnlegg!


fredag 11. oktober 2013

fridtun (hus)morar seg: moteblogg spessial

De visste nog ikkje at husmori er sers uppteki av stil i klædevegen, men det er ho. I alle fall so mykje at ho og maken hev laga både eitt og tvo innlegg der dei syner fram stilen sin, som stutt sagt er «edgy» med en twist. Lat dykk inspirera!




mandag 30. september 2013

i gamle dagar

Lenge eg lengta, 
leita meg trøytt, 
skreiv til eg stupte, 
skalv ved tanken 
på at elskhug kjem 
når du ikkje ventar; 
når du sit der ubudd 
med open hug. 


torsdag 19. september 2013

fridtun (hus)morar seg utanfor heimen

Husmoryrket er ikkje kva det ein gong var. Innimillom koking, innkaup, filleristing, klædevask og uppvask, må husmori fara kringum i landet og preika um Aasen og målet hans for folk og fe. Til alt hell ottast ho ikkje fly, for det vert mykje av det, skam å segja. Og bilkøyring. Hau. Er det dét som er å vera «på reisefot»? Ho nyttar føtene tolleg lite, anna en til å trø på ymse pedalar. Men slik hev det vorte.

Skal husmori syta for seg sjølv, lyt ho krjupa ut av skrivehòla då og då. Visst er det leitt å tenkja på at maken må greida seg åleine i heimen, men ingen hev stroke med til no. Dessutan vert gleda ved husstellet endå større når ho hev baksa rundt frå skule til skule i mange dagar; å bretta klutar er so moro at ho mesta brest i lått! Ja-ja. Denne vika fór ho jamvel til hovudstaden og møtte ei grepa bladkvinne (eller vevkvinne?) frå NRK.no. Kva me tala um, kann du lesa her.

No skal husmori ta seg ein klunk (nei då, ei liti skeid) av den gall-beiske hostesafti si, for krimsykja fengde henne ein stad på ferdi, og vondt skal vondt fordriva. Men det er godt å vera heime litt, tykkjer ho. Etterpå skal ho snakka litt med katten.