søndag 14. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Den nervepirrande soga om dei tvo turtelduvone (som anonym husmor-mor kallar oss) held fram. Denne gongen skal de få sjå kva som hende onsdag 3. juli.



Her hender det då ingen ting, tenkjer de. Jau då!
Haugum hev nett søkkt seg ned i Fjellgutusjøen.
(Utan ein tråd, tradisjon tru.)


Meir fisking, her i sørenden av Yttersjøen.
Merk: Nettnerden ber Dale-genseren som husmori fekk
av Skiforbundet fyrr ho fór til ungdoms-OL i Slovenia.


Trøytt husmor koplar av med Pondus
(men her er ho mest uppteki av fotografen).


lørdag 13. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Superlaurdagen held fram! No er me komne til: tysdag 2. juli. Og for ein dag!



 So snart frukosten hadde sokke ned i magen, 
sette me oss på syklane og trødde i veg.
Me skulde til utlandet, må vita! 
Um de kvesser augo, ser de nettnerden
i fint driv på toppen av kneiki.


Me stogga ved grensa på vegen heim, for me laut ha fotoprov frå ferdi.
Dei myrke flekkene på stuttbroki til kjærasten kjem av ei regnskur 
som heldt oss med selskap ein halvtimes tid. 
Med på bilætet: lokalavisa Falu Kuriren,
som nettnerden analyserte sist sumar.

Husmori laut sjølvsagt gjera seg til.
Merk at me båe hadde «Kvifor ikkje?»-skyrta på oss.


Attpåtil var det bit på fisken i dag, men serleg stor fangst vart det ikkje.
Fem-seks små-åborar heiv Haugum uti att, men denne tassen hadde
bite seg so godt fast at det var uråd å berga honom.
Ein aure beit òg på agnet, so det vart steikt fisk til frukost dagen etter.


 Kjærasten i kjend stil. 
Dei myrke skyene tetna seg til og kom siglande,
so det regna ...


... og regna. 
Nettnerden var nøgd, for ho hadde regnklæde og bitet vart bra.
Husmori hadde berre ullgenser, so ho stod under eit tre,
i minst ein time, fyrr ho beinflaug heim.
Men ho hadde det gildt, ho òg.




Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Hoi! Det gjekk snøgt i svingane i går, og då det umsider vart rolegt, hadde eg gløymt heile blogg-greida! Vel, då skipar eg heller i stand det som på/i Nynorskstafetten heiter SUPERLAURDAG: ein laurdag fullpakka av godsaker. I dette tilfellet: tvo blogginnlegg same dagen.

Fyrst ut: måndag 1. juli


Kjærasten grov makk i denne sjeldsynte bunaden.
Hatten ver godt mot mygg, knott, klegg og andre blodsvoltne,
men ho lærde snøgt at myggen stikk tvers igjenom tunt stilongsty ...



Nettnerden fiska i Håmmårsjøen (utan hell). 
Husmori låg i lyngen og løyste kryssord.


Uklårt bilæte, men det lyt med: Kjærasten ligg og les,
men kva les ho? Gamle damemagasin frå etterkrigsåri!
Her fann me mykje spanande lesnad, til dømes novella
«Kle seg om til middag», 
som me ein kveld las høgt – med innleving.


Elles var dagen logn og fin, som hyttedagar skal vera. Me lauga oss i sjøen (under 15 grader i vatnet, trur eg), sutla med kaffi, åt tomatsuppe med mætti god lauk uppi, las, las, las. Gildt.




torsdag 11. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg og makk og mykje moro

Her kjem andre bolken i soga um hytteferdi vår sist vika. Me er no komne til sundag 30. juni.



Sundag fyremiddag var det ut på tur, må vita. Me tenkte fyrst å ganga
i skardet millom Båthusberget og Litlsjøberget, men so sagde den kloke
veslesyster mi at det kom til å vera svart av mygg der. 
Difor gjekk me rundt Rundhøgda (1120 moh.) i staden.



Gleda var stor då ein snjoflekk openberra seg i lidi!
Kaizer rulla og gneid og grov seg ned i godsakene.


 Nettnerden nyt utsyni yver Mare Nostrum: Fjellgutusjøen*.

* Mare Nostrum (latin for 'havet vårt') var det romerske namnet på Millomhavet (el. Middelhavet). Fjellgutusjøen er litt mindre, men det er eit hav av sik i han.



 Meir hund: Jamvel um Kaizer både er eit etardrog og eit ròtadrog,
greider han å få rauvi i gir. Reine Silkesvarten!


På ferdi ned att snudde eg meg tidt og såg upp på 
Storslåga (1344 moh.). Dit gjekk kjærasten og eg sist sumar, 
like fyre me vart kjærastar.
So me gjekk vel og lurde litt på einannan ...

Sit du og bidar på bilætet av ho som grev makk i rosa stilongs? Vel, det kjem i morgon. Vente til fræddan!



onsdag 10. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg og makk og mykje moro

Sist vika (eller frå laurdag til laurdag, då) var nettnerden og eg på hytta i Femundsmarki. Gode dagar! Me skal attende næste sumar òg, berre so de veit det. Frå i dag kjem eg til å leggja ut småe blinkskot for kvar dag me var der, so hev de litt å glytta på no i ferietidi.


Fyrst ut: laurdag 29. juni

Mor, far, eldste veslesyster og hunden var med upp frå Elverum, og dei låg yver til sundag. Me var ikkje fyrr komne til gards, fyrr einkvan gaula: «Hau, her lyt vi klyppe plenen!» So våronn var fyrste post på progammet.



Busserullen var med, sjølvsagt!
Nettnerden meiner eg liknar André M.R. på dette bilætet. 
For eit heidersteikn!

... og stort meir hende ikkje denne dagen. Me åt middag og løyste kryssord. 

Fylg med i morgon, godtfolk, då fær de sjå korleis hunden rulla seg i snjoen og kjærasten grov makk i rosa stilongs!


torsdag 27. juni 2013

mjuk?

Eg hev tøygt og bøygt mange musklar so langt i livet, i alle fall i den tidi eg dreiv med skidhopping og laut vera mjuk, men andlitet hev eg ikkje tøygt meir hell det vanleg lått og gråt og anna minespel krev. Difyre vart eg både fjetra og nyfiki då lokalavisa nyleg skreiv um det tøygjelege andlitet mitt. Det gjekk til slik:

Fyrre fredag heldt eg eit lite kåseri, dei kallar, um ord og målbruk. Høvet var Volumfestivalen. I siste helvti av innlegget tok eg fram den fillutte og utslitne utgåva mi av Norsk Ordbog av far Aasen (den nye utgåva frå 2003, vel å merka, ikkje ei 1873-utgåva) og tala varmt – og vonleg klokt – um boki og verket hans Aasen. Ei bladkvinna frå Østlendingen var til stades i salen, og dagen etter kunde me lesa i bladet at eg, då eg greip boki og tok til å tala um henne, «ble mjuk i ansiktet på en annen måte». Den vyrde nettnerden og eg tok straks til å undrast: på ein annan måte? Korleides var den fyrste måten? Hev eg eit jamt drag av mjukleik i andlitet som brådt skapte seg um?

Saki er enno ikkje uppklåra, so um nokon hev tips eller vink som kann føra oss nærmare ei løysing, er me takksame.

mandag 10. juni 2013

fridtun (hus)morar seg – bolk 2

Vyrde lesarar! Den heimeskrivande husmori hev havt gode grunnar til å drygja litt med bolk 2 i denne spanande serien som ingen les utan å få merke av honom. Ho var nemleg burte frå heimen mest heile fyrre vika. Frå tysdag til laurdag fekk ho lufta seg med Nynorskstafetten, og då segjer det seg sjølv at lo lagde meir vinn på å skriva innlegg på stafettbloggen en å spinna i hop skrønor um kva som bar til i den heimen ho ikkje var til stades i. Men no er ho trygt attende i ritstova si, og ho minnest med gleda (dei annsame) dagane i Sveio, Haugesund, Vindafjord og Etne/Skånevik. Vel å merka hev ho ikkje havt høve til skriva so mykje just i dag, endå det er syknedag, av di ei kvinna frå NRK P2 vitja heimen og vilde tala um det undersame faktum at husmori ikkje berre er husmor, men jamvel husfar. Her held me lika fullt fast ved nemningi husmor, for husmoring er då visseleg gildare en husfaring, kva no dét måtte vera. Vel, røl til sides: Me er komne til andre bolken i soga um fridtun som (hus)morar seg, der lesarane fær ein glytt inn i verdi til den heimeskrivande.

Bolk 2: Innreidnad

Det er vida kjent at Iver Andreas Aasen er ein høgt elska mann i heimen vår. Kvar einaste dag den heimeskrivande husmori er heimeverande, ser ho djupt inn i augo til denne vyrdelege sunnmøringen og kjenner varmen breida seg i bringa. Det hev seg so at han heng på kjøleskåpet, der han er hugsamt kringsett og pryda med tysk kjøleskåpspoesi.




Me kann elles kyta av å hava ei bokhylla som mange berre kann drøyma um: Billy Limited Edition. Ei frygd for auga! Sjå serskilt kor godt årgangane av Syn og Segn (og ymse andre tidsskrift) høver til den friske fargen. Ja, det hender me slepper alt me hev i hendene og stend gapande i ovundring framfyre dette makelause kunstverket.



 
So skal de få sjå at sambuarane ikkje søv åleine i sengi si. Nei, då tenkjer eg ikkje på smådyri som liver i sengklædi, eller kreki som jamt kryp inn opne glas og andre glipor, men på dei tri luringane som hev vore til trøyst og gleda for oss i gode og vonde dagar i barne- og ungdomsåri. Storvaksne Preben (skrukketrollet) ber dei tvo minste, Pelle Kanin og katten, varsamt i munnen. (Hin dagen fann husmori forresten eit rettelegt skrukketroll på kjøkengolvet. Til alt hell var det munaleg mindre en Preben.)



 
Og endeleg: dei tvo stolane i stova. Me hev ikkje sofa enno, ser de, men desse stolane tener oss trufast og godt. Det feite kattadròget som bur i same hus som oss, greidde ved eit høve å laga ei liti rift i trekket på den vesle stolen til høgre, av di han grafsar so styrlaust med klørne når han kosar seg, men burtearbeidande lærar bøtte skaden fyrr han fekk veksa seg større. (Heimeskrivande husmor veit ikkje so mykje um arbeid med nål og tråd, men det skal ho jaggu få læra, segjer frøken.)




Um de no sit med spursmål av ymse slag, eller um de treng fleire råd um korleis de kann skapa ein smakfull heim som osar av sjel og varme, er det berre å taka tastaturet fatt.