tirsdag 10. juni 2008

Maskin-syster

I annekset attmed hytta fann eg, næsten burtgøymd, endå ei svart maskin:

Litt sliten av elde, men ho er ein gild eignelut lell.
Eg likar at knappane er gule, eller gulna um du vil.

So. Meir var det ikkje.

lørdag 7. juni 2008

Eg kann skriva på Mercedes

I dag, på morgonen, var eg med far min på Østkanttorget (kjøp eit Elverumskart um du ikkje veit kvar det er). Kvar laurdag i sumarhalvåret er heile plassen stinn med brukthandlarar og forne greidor som det er gildt å glytta på. Då er det berre å hiva seg på sykkelen (skrævaråkji) og fara ned i godt, sumarlegt driv. So kann ein ganga seint og stilt millom ymse buder og bord og sjå fyre seg korleîs det må ha vore då desse gamle greidone endå var i bruk. Stundom kjem det sumt i auga som eg vil (og hev pengar til å) heimta. I dag fann eg ei liti skrivemaskin som høver fint på arbeidsromet eg skal laga ein gong i framtidi:

















Ho er ikkje eldgamall, men væn å sjå til. Og grum. Grum, ja, det var ordet eg leitte etter.
Og so gjev ho ifrå seg dei rette skrivemaskin-ljodi. Tapp-tapp-tapp.

Ein dag skal eg røkja etter modell og alder og slikt, no skal eg fara som ein vind til hytta i Femundsheimen. Forkynnelsesførkje på skrævaråkji rundt Nautmulevatnet = nonne på sykkel kring Femunden. Dit skal eg. No. Utan Mercedes.

fredag 30. mai 2008

spyrja einhvern at nafni

Eg hev so vidt skrive um namn fyrr, men no kjem det atter eit namneinnlegg. Namn på folk er ikkje ei ny ovring. Me hev ymse sernamn (proprium) på gamle runesteinar og pinnar, det var jamt det folk skreiv. "[Namn] reiste denne steinen etter", "eg, [namn], måla runa". Det er òg gamall sedvane å ausa vatn på ungen når han vert namngjeven, det er kjent at germanske folk ausa barn vatni jamvel i heidi tid.

Eg skal ikkje leggja fram so mange måtar å laga namn på, men variasjonsprinsippet vart mykje nytta. Ein tok ein namnlekk frå den personen ungen vart kalla upp etter, og lagde til ein ny andrelekk. Til dømes Þorbrandr – Þorleikr – Þorsteinn og so burtetter. Når lekkar vart sette i hop på den måten kunde nye tydingar ovra seg. Finnur Jónsson hev skrive sumt um dette: "Gustav Storm viste i sin avhandling hvorledes man i folkevandringstiden dannede nye navne netop ved at sætte dele av avdøde slægtningers navne sammen, dette skete, uagtet de to led ikke alltid helt passede logisk eller naturligt sammen. Det nye navns betydning blev ikke mindre ved det, snarest større, idet det nu repræsenterede to personer og måtte saaledes tros at have dobbelt styrke." Gildt.

Ein kunde òg gjeva ungen namn etter gamle skyldfolk, mynsteret var ofte slik:

eldstesonen - fær namn etter farfar
eldstedotteri - fær namn etter farmor
den næsteldste sonen - fær namn etter morfar
den næsteldste dotteri - fær namn etter mormor

Greidt. Då er fyrenamnet på plass. Men folk fekk tidt andre namn attåt, nemningar som kjenneteikna eigaren, dei kunde vera både gode og vonde. Ólafr kyrri, Ólafr digri, Sigurðr flatnasi, Gilli bakrauf. Eg tykkjer underlege attåt-namn er morosame greidor, og no skal tvo islendingesogor, Soga um laksdølane og Njålssoga, tevla um kven som hev dei gjævaste namni. Eg tek ikkje so mykje umsyn til etymologi og tyding, men dømer etter kor morosame dei er i norsk umsetjing. Det er med andre ord ikkje so ovlegt vitskaplegt, men trøysamt lell.
Laksdølasoga opnar ballet. Fylgdi er tollegt vilkårleg, men godsakene kjem sistpå.

Bolle Bollesson
Frode den frøkne (det er gildt tilnamn, men eg tykkjer det læt so... rart)
Tord Tordsson Katt
Kjetil Flatnev ("flatnase")
Hallgjerd Langbrok
Skallagrim
Tord Gjestsson den låge
Torhalla den radmælte ("munnrappe")
Torolv Raudnev ("raudnase")
Torstein Torskabit
Ulv Hognesson den skjalge ("den skeive/skjegløygde")
Torkjell Skalle
Unn den djuptenkte
Ån Rismage
Melkorka
Kjetil den fiskne


So er det Njåla. Eg kann segja alt no at godiset kjem her:

Kjetil den glattmælte
Olve den barnekjære...
Grim Loddenkinn
Gudrun Nattsol
Torstein Breimage
Ulv Uggasson
Hallbjørn halvtroll
Ånund Taskabak
Buldre-Kjetil
Torstein Spurv
Kong Hjørleiv den kvinnekjære av Hordaland (!)

Eg hev endå til laga ein liten pall for dei tri eg tykkjer er gildast. Seg til um de er usamde i fylgdi:

3. Torvald Kroppenskjegge
2. Orm Taskerygg
1. Bjørn Kistesmør


Njåla vinn so det syng! Det er soga eg kjenner best, og eg hev røkt hardare etter morosame namn i henne enn andre stader. Men skit samma, me hev ein vinnar. Eg endar innlegget med den grovaste utsegni i soga, ho kjem frå Skarphedin Njålsson, må vita:

"Du skulle heller staka ut av tennene dine rasstarm-enden av den merra du åt før du reid til tings." (s. 181).

Gildt.
God natt!




Kjeldor:

Njålssoga,
omsett av Aslak Liestøl og Jan Ragnar Hagland. (1996). Oslo: Det Norske Samlaget

Særheim, Inge. (2004). ”Person- og stadnamn”, i O.E. Haugen (red.): Handbok i norrøn filologi, Bergen: Fagbokforlaget, ss. 337-373.


Aasen, Ivar. (1980). Norsk Navnebog, faksimileutgåva med fyreord og merknader av Per Nordseth. Børsums Forlag og Antikvariat A/S.






tirsdag 27. mai 2008

bilæte frå ein tysdag...

Ja. Bilætet kjem i dag. Det vart so eg reint gløymde det i går, men det er kanskje like greidt, for himmelhòlet er blåare og vidare i dag.















Utsynet er gildt, det ser de sjølve. Ja, det er so vænt at eg er nøydd til å gjeva att nokre ord frå hovding Aasen. Kvædet heiter "Vårdagen", må vita. Her er fyrste, tridje og femte strofa:


Upp av krakken!
Sumarsoli skin i grøne bakken;
jordi heve fenget helgar-plagget på,
skogen stend i lauv so lysteleg å sjå.
Livet lettnar,
vollen turkar seg, og vegen slettnar.

Inn um glaset
fær eg angen av det grøne graset.
Vist er vinden rik på liv og lækjesaft;
ut eg vil og sanka helsebot og kraft;
alt for lenge
sat eg inne som ein fugl i stenge.

Kvar ein lyder,
liv og ljod på viddom fram seg byder.
Lat oss ganga seint og sjå oss vel i kring:
Vegen er so full av fagnadsame ting.
Langa stunder
treng eg til å sjå på desse funder.


Eg kann ikkje upp frå eksamenskrakken heilt enno. Men bid litt, so kjem fyrste ferieinnlegg, det er ikkje mange dagar ifrå.

God kveld!

onsdag 21. mai 2008

at vera í góðum hug

God dag. Her er eg att. Med ei liti soga frå kvardagen.

Etter nokre gjeremål nede i byen i ettermiddag kom eg upp att til Voll. Eg sette meg ned attmed skrivebordet og då høyrde eg ein kjend dur, ein slik som jamlegt durar i sumarhalvåret. Ljodkjelda var å finna drygt seksti meter frå vindauga mitt. Grasklipparar. Ikkje berre éin, men tvo. Fyrst såg eg ein liten traktorklippar, ein slik som bestefar hev. Og uppå sat ein kæill som fint kunde vore bestefar min, um lag same alder og klednad. Men jamsides gjekk ei kona med ein vanleg klippar. Dei var tvo um det! Det var gildt å sjå, og høyra på. Eg skulde gjerne lukta på det nyklipte graset au. Kæillen sat so fint og køyrde rundt på plenen, eg veit ikkje um han fylgde eit serskilt mynster, men det såg proft ut. Eg skal au ha ei gjenta som kann bruka ein klippar. Ho kann godt greida andre saker attpå, sveisa litt um det trengst, lappa ei brok og hava godt handlag. Med det meste. Serlegt alt som veks, blommer, kvist & kvåså.

Elles kann eg nemna at eg fekk straumbrev frå Afrika i går, Namibia, og det var gjævt! Lenge sidan eg hev høyrt frå folk der. Dimed sette eg i gang ei leiteøkt etter bilæte frå Afrika-ferdi mi, og sumt kann de sjå her:














Kø. Folk som bur på internatskulen skal ha fôr.















Me skulde spela kamp. Footballmatch. Gjentelaget åt Otjikoto Secondary School med tre norske jinter mot eit anna skulelag. Då kom det folk, gitt!















Ein heilt vanleg gymtime. Det skal nemnast at berre gutane hadde gym. Gjentone sat og såg på eller svirra rundt med eigne småprosjektar.















Akk, dette var i dei gilde dagane eg hadde svart hår.
Skulle nå mæssom væra litt hard og barsk sidan eg var ny-utkomen or skåpet.














Halla, sjæl, kompis!


Jau. Då segjer eg takk for fylgjet.
Og god kveld til alle som kjem innum, vevloggen er til for dykk. :o)

mandag 19. mai 2008

laurdag og måndag

Eg vakna. Tidlegt um morgonen, 17. mai. I Elverum var stoda slik:



Som dei gamle sagde: "Snjóvar".



Då kann det vera greidt med huva til bunaden.
Nei då. Ho er berre til innebruk.
Men kent er til utebruk òg.



Stilfullt.




Kaizer sit på russen.




Eg gjev mikroben ein suss.



I dag er eg i Nidaros, og det næst siste måndagsbilætet kjem her:

mandag 12. mai 2008

det er måndag tolvte og ein god dag

Her er noko eg femnde i dag:















(jamfør trei no og i fyrre vika!)