lørdag 11. oktober 2014

kent hev namnedag!

Eg høgtida dagen med å spela kent gallhøgt medan eg vaska badet og støvsaug resten av heimen. 

... men det enda ikkje der! Eg kom til å tenkja på eit tilårskome blogginnlegg frå 2011 der eg drog fram nokre kent-tekster som alle inneheldt same ordet: tunga. Kvifor ikkje gjera det same no, berre med eit anna emne? Ymse andre emne ter seg um att og um att i tekstene, til dømes er det mykje regn, snø, myrker og einsemd. Og gråt! Og tårar! (Men sers lite snòr.) 

Eg gjeng for gråt-og-tåre-tema. Seks utvalde, i litt vilkorleg fylgd:


6 «Stanna hos mig» (frå Hagnesta Hill, 1999) er radt god å gripa til um du dragast med hjartesorg og dilikt:

Det er över nu
och jag som aldrig gillat nostalgi
jag gråter nu
så släck mitt ljus
Över nu 
och jag som alltid ville vara fri
vill fångas nu
av din sköra röst
som alltid sprack
när du behövde tröst.


5 «Generation ex» (frå Tillbaka till samtiden, 2007) er temmeleg fortvilt:

Säg nånting, säg nånting nu
Du vet jag får panik av dina tårar
Gör nånting, gör nånting nu
Förstör nånting, slå mig
Förstör nåt, jag överlever


4 «Chans» (frå B-sidor 95-00, 2000) er heilt på grensa når teksti stend åleine. Klamt og flautt? Kann henda. Men ikkje når Jocke syng:

Jag trycker läpparna
lätt mot din hals
Jag frågar 'gråter du?'
Du smakar salt


3 «På nära håll» (frå B-sidor 95-00, 2000) fortel um ein ugreid måte å vakna på:

Jag vaknar intill dig med gråten i halsen,
dom skriker och flyr i en mardröm igen.
Dom klöser varandra med klolika fingrar,
jag håller dig så hårt att du inte får luft.


2 «Mannen i den vita hatten (16 år senare)» (frå Du & jag döden, 2005) gjev ordet tåreglans styrkt og utvida meining:

Och snart finns det inga tårar kvar
Dom var våra att ge vemsomhelst
Äntligen
Dom är dom dyrbarasta smycken vi har
Så be aldrig om ursäkt igen
Äntligen sätter du själv dina gränser


1 «Stoppa mig juni (Lilla Ego)» (frå Hagnesta Hill, 1999) er i ein klasse for seg. Eller rettare sagt: i ein klasse der berre nokre fåe andre kent-låtar er med. I denne klassen finn me einast dei låtane som vreid skrivaren upp som ein klut i 15-16-årsalderen. Ingen låt kann tevla med «747» når det gjeld å få Fridtun til å setja i å gråta, men «Stoppa mig juni» tek ein sterk andreplass. Serleg dette verset gjorde susen:

Det är tårar
Kan man gråta som en karl?
Snälla, du, förlåt mig
Jag glömde vem jag var
Snälla, sluta lyssna
Glöm allt jag sa
Jag mår bra
Du måste lämna mig i fred

... og etterpå kjem ein endefram, men akk so skakande, gitarsolo!


søndag 5. oktober 2014

trollbunden

Ein av dei uendeleg mange fyremunene med å vera i lag med nettnerden, er at ho set på fine plator som eg ofta ikkje hev vore burti fyrr. Då og då hev ho til dømes spela platone til den framifrå færøyske musikaren Eivør. (Dei som les Dag og Tid, minnest radt at det stod um henne fyrre vika.) Men ikkje berre dét: For litt sidan fekk eg vera med nettnerden på ljomleik (ja: 'konsert') med drosi. Sidan dess hev eg mest ikkje gjort anna en å gaula færøyske verslinor. No skal eg gjera mitt for at de òg, vyrde lesarar, gjer det same. 

Denne Eivør hev laga mange songar, jamvel det me lyt kalla vanlege songar, med vanleg syngjing og vanlege instrument. Men den store hiten hennar er Trøllabundin, der ho syng og fræser på ymse vis og slær på ei trumma. Hugtakande! 

De skal få sjå og høyra. Men fyrst nokre reglar.

1 Det er ikkje lov til å sjå litt og so skru av. Alt eller inkje!
2 Kom i hug at det er best i røyndi, når ho stend tri meter undan.
3 Fullskjerm! (trykk i høgre hyrna i filmruta)
4 Slå gjerne av ljoset so du sit i myrker.

Her er det ho syng på dette upptaket:

Trøllabundin eri eg, eri eg
Galdramaður festi meg, festi meg
Trøllabundin djúpt í míni sál, í míni sál [sjel]
Í hjartanum logar brennandi bál, brennandi bál






tirsdag 23. september 2014

merkedag

I dag hev nettnerden og husmori vore skakke ektefolk i tri månader! Surmaga forståsegpåarar synest radt at dét ikkje er noko å kyta av, og det er no so: Dei hev eit stykke att til dei kann bjoda dykk inn til granittbrudlaup (gift i 90 år), til dømes.

Dei gladgifte makane høgtida dagen med å – for fyrste gong i haust – slå på panelomnen i stova.


torsdag 18. september 2014

farande fant

Husmori kann skuldast for mykje, men ingen kann skulda henne for å blogga so tidt og ofta at folk ikkje greider å henga med. Tvert um, lesarane tenkjer radt at no er bloggen daud som ei sild. Men so, når folk minst væntar det, slær ho til på ny med meir eller mindre po(t)etiske utgreidingar um husmortankar og anna som måtte trengja seg på. I dag er ein slik dag, ser det ut til.

Sidan sist hev husmori reke langt og lenge. Ja, for å segja det som det er: Den heimekjære husmori hev vore burtreist fire helgar på rad! Ho kom velberga frå det, mykje av di ho var i Trondheim tri av helgane, i lag med gode vener. Sumt av det var arbeidshelgar, til dømes hadde ho gleda og æra av å leida ein samtale/bokbad/bokdusj med sjølvaste kvardagsheltinna (for dei uinnvigde: A. Ravatn). Det gjekk som det måtte: Folk skratta og lo og hygde seg. Millom trondheimsferdene var ho òg på Austlandet og preika um nynorsk for bokmålsungdomen. Det trengst, av mange grunnar, til dømes at husmori hovudforsyrgjar i heimen denne hausten, sidan frua er vorti studine att. Det humpar og klekk seg!

Uppi alt saman vart husmori «forsidepike» i Morgenbladet òg. Det var svært hyggjelegt. Sers gildt var det at bladmannen ynskte seg eit bilæte av husmori i lange ullunderbrøker. Då var det ikkje anna å gjera en å trekkja i stillongs, endå det var midt i august, og få frua til å finna fram kameraet. Rekvisitt: ei færøysk ordbok.




Husmori nytta òg høvet til å leika litt med lego-hoppbakken (nærmare skildra her), men dét kom ikkje med i Morgenbladet. Var det likt seg!



... og no vart husmori so sterkt rivi med av lego-innlegget til maken at ho brådt og uvænta laut setja punktum! (ropeteikn)



søndag 17. august 2014

helsefremjande tiltak

Me høyrer stundom tale um folk som slit med å «koma seg upp av sofaen». Ordlaget er vel ofta meint i utvida tyding, so at «koma seg upp av sofaen» tyder både 'koma seg upp av sofaen', 'koma seg upp av godstolen', 'koma seg ut i frisk luft', 'røra på skroget' og so burtetter.

Det siste året hev eg ferdast radt mykje med fly, og sist gong fekk eg eit retteleg godt hugskot, tykkjer eg sjølv. Rett og slett eit framlegg til korleis me kann hjelpa folk til å koma seg upp og ut litt oftare, og det er svært lite kostesamt å få det heile i stand. Dimed hev eg eit ope framlegg til styresmaktene:

1 Syt for at det finst skapleg høgtalarutstyr i kvar heim. 
2 Med jamne millomrom, gjerne tvo-tri gonger um dagen, spelar de dette upptaket over høgtalaren:
«Vennligst bli sittende fastspent i setet til flyet er parkert og skiltet med 'fest setebeltet' er slukket.»
3 Og etter nokre sekund kjem det velkjende ljodet: Pling!

... for DÅ skal de sjå at nordmennene fær rauvi i gir! Dei sprett upp som var dei kvefsstukne, kastar seg upp mot hattehylla i ein fart som berre geparden kann mæla seg mot, baksar med tunge sekker og veskor, so stend dei der og trør og trør og vil ut-ut-ut! For det er ikkje tale um å sitja still og kvila til dei ytste er komne ut, hå nei, røslege karar på 1,90 stend tvikrøkte innunder hylla og trår etter å koma i rørsla.

So, kva trur de? Kann det vera gagn i ei slik åtgjerd?

Eg er elles ikkje den fyrste som hev bite meg merke i at folk ter seg so underleg berre dei høyrer dette plinget. Hin dagen trefte eg ein person som fortalde at ein gong hen hadde floge til Stavanger, og flyet var parkert, sa flyverten over høgtalaren: «Fyrstemann upp i hatthylla!»



torsdag 31. juli 2014

brureferdi i femundsmarki

Fyrst:

KLISS


Her ser det litt ut som nettnerden
hev kverka husmori og no sit
nøgd framfor byttet sitt.



Og elles:
Sjeldan hev nokon bore 
ei krukka med einerkvist
i slikt ålvor!

(Nettnerden smugknipsa gjenom stoveglaset)

Og snart skal me upp att i fjellheimen. Fylg med, godtfolk, no vert det spanande!



mandag 7. juli 2014

flytande ferdakyn

Ja ja, då er sumaren her, med alt han dreg med seg av berrfotgang, solvegg, torevêr, mygg og sist, men ikkje minst: ferding hit og dit. Dei trufaste lesarane veit no at eg, husmori, fer og fyk jamleg, men no hev eg jamvel vore i utlandet, og dit er det ikkje ofta eg fyk! (undanteke Sverike, då, men for ein elverumsing er det snaudt noko utland)

Ferding er ei forvitneleg verksemd for ei(n) som ligg og flyt ein stad millom dei tvo rådande kyni. Til dømes vert det mange svippturar innum offentlege toalett, og det er stødt ei spanande øving! Du og du. Tradisjonen tru hev eg skræmt livskiten av ei handfull kvinnor denne gongen òg: Dei kvepp og glytter tvilande burt på den kortklypte skapningen framfor deim, og dei mest skvetne ser seg nøydde til å snu og sjå på skiltet på døri ein gong til. Dei segjer sjeldan noko åt meg, men stundom segjer dei noko til kvarandre, ofta slikt som "orsak, men stemmer det at dette er dametoalettet?!" Ungane er gjerne meir frimælte og spyrr beint ut: "Mamma, er det gut eller gjenta?" Å, so flaue mødrene vert!

Mest forvitneleg var ei hending i juni: Eg var på Gardermoen og opna ei av desse velkjende dørene med kjole på. Nett då var tvo eldre kvinnor på veg ut, ho eine med krykkjor. Sidan eg er velseda og greid, heldt eg upp døri for deim. Den mest lettbeinte av deim kom fyrst og bråstana like framfor meg, so stod ho og stirde meg upp i andletet og nedetter og uppetter bringa mi i minst fem sekund. Då sette eg augo beint i hennar og gav henne ein smil, då fór ho. Og dei segjer at ungdomen er uhøvisk! 

Vel, men no var det til utlandet me skulde, meir presist Edinburgh. Her passerte eg som både det eine og det andre: Ved frukosten hadde eg gleda av å verta tiltala som sir (det var forresten ikkje fyrste gongen). So gjekk frua og eg på ei kaffistova tjugo meter undan, og då vart me møtte med "what can I get for you, ladies?" Det kallar eg kynsflyt på høgt nivå! Og som vanleg skræmde eg nokre dametoalettgjester, utan at nokon av oss fekk varige mein. 

Eg hev elles høyrt frå nokre transfolk at det er mykje greidare å fara på herredoen i staden, for karar er visst ikkje fullt so upptekne med å glana på dei andre der inne (redde for å verka homo, kann henda?). Men eg torer meg ikkje til det med det fyrste. Um nokon skulde verta arge på meg inne på damedassen, kann eg i minsto fiska fram bankkort eller pass og prova at eg hev rett til å vera der. Det lettaste er no å fara på den kynsnøytrale handikappdassen, men han er som oftast uppteken.

Sanneleg segjer eg dykk: Sæle er dei som kann fara og miga utan å måtta stålsetja seg fyrst! Men so hev eg òg ei snild kona som gjerne tilbyd seg til å vera med som verja og (potensiell) kjeftesmella.