tirsdag 23. september 2014

merkedag

I dag hev nettnerden og husmori vore skakke ektefolk i tri månader! Surmaga forståsegpåarar synest radt at dét ikkje er noko å kyta av, og det er no so: Dei hev eit stykke att til dei kann bjoda dykk inn til granittbrudlaup (gift i 90 år), til dømes.

Dei gladgifte makane høgtida dagen med å – for fyrste gong i haust – slå på panelomnen i stova.


3 kommentarer:

Anonym sa...

Tillukka! Original måte å markera jubileet på. Tanto ser fram til granitten!

fivrelden sa...

Gratulerer :)

fridtun sa...

Takk for det, båe!

Ja, tenk so moro det hadde vore - av mange grunnar - om sjølvaste Tanto var med på granitten! Då er du vonleg god att i armen òg.