søndag 17. august 2014

helsefremjande tiltak

Me høyrer stundom tale um folk som slit med å «koma seg upp av sofaen». Ordlaget er vel ofta meint i utvida tyding, so at «koma seg upp av sofaen» tyder både 'koma seg upp av sofaen', 'koma seg upp av godstolen', 'koma seg ut i frisk luft', 'røra på skroget' og so burtetter.

Det siste året hev eg ferdast radt mykje med fly, og sist gong fekk eg eit retteleg godt hugskot, tykkjer eg sjølv. Rett og slett eit framlegg til korleis me kann hjelpa folk til å koma seg upp og ut litt oftare, og det er svært lite kostesamt å få det heile i stand. Dimed hev eg eit ope framlegg til styresmaktene:

1 Syt for at det finst skapleg høgtalarutstyr i kvar heim. 
2 Med jamne millomrom, gjerne tvo-tri gonger um dagen, spelar de dette upptaket over høgtalaren:
«Vennligst bli sittende fastspent i setet til flyet er parkert og skiltet med 'fest setebeltet' er slukket.»
3 Og etter nokre sekund kjem det velkjende ljodet: Pling!

... for DÅ skal de sjå at nordmennene fær rauvi i gir! Dei sprett upp som var dei kvefsstukne, kastar seg upp mot hattehylla i ein fart som berre geparden kann mæla seg mot, baksar med tunge sekker og veskor, so stend dei der og trør og trør og vil ut-ut-ut! For det er ikkje tale um å sitja still og kvila til dei ytste er komne ut, hå nei, røslege karar på 1,90 stend tvikrøkte innunder hylla og trår etter å koma i rørsla.

So, kva trur de? Kann det vera gagn i ei slik åtgjerd?

Eg er elles ikkje den fyrste som hev bite meg merke i at folk ter seg so underleg berre dei høyrer dette plinget. Hin dagen trefte eg ein person som fortalde at ein gong hen hadde floge til Stavanger, og flyet var parkert, sa flyverten over høgtalaren: «Fyrstemann upp i hatthylla!»



4 kommentarer:

Anonym sa...

Det verkar i utlandet og! Eg har prov frå Skottland,England,Frankrike,Tyskland,Austerrike,Hellas,Kroatia,Lanzarote,Mallorca,Italia og Spania!
Anonym svigermor

fridtun sa...

Haha! Ja, slik framferd er vel det me kann kalla ålmennmenneskeleg. So då er kanskje plinget eit verdsumspennande helsefremjande tiltak!

Per Esben sa...

Åh, du skal vita flyverten/-inna kosa seg godt då hen sa «Fyrstemann upp i hattehylla». Eg trur alle i serviceyrke drøymer om å koma med slike småfrekke meldingar no og då.

fridtun sa...

Ja, det trur sanneleg eg òg!