but sometimes
it's impossible to breathe
- sju og tredve mil nordover, litt øst og oppover
Me hev eit gildt ordtøkje som segjer at ”det småe få me vyrda; det store vyrder seg sjølv”. Var det ikkje so at ei rad tenkjarar og bokfolk seint på 1800-talet, til dømes Ola Hansson, meinte at det er ”bagatellerna som styra våra lif”? Småe, bråde hugskot er viktugare for livnaden en gjenomtenkte gjerder. Ja, berre læ åt det, men eg trur det vesle og veike gjev rikare gleda en det store og sterke. Det vesle kjem ofte so illsnøgt og uventa at det kann grava seg djupt inn utan hinder, og so stend ein der, hugteken og uppglødd.
So, no hev eg vart meg sjølv og andre romantikarar for allskyns åtak. De veit, sumtid lyt ein få liva med berre éin fot i røyndi medan resten spring og sprett millom dulde draumstader som berre ein sjølv kjenner til. Sumtid, ikkje stødt. No skal eg stutt gjeva att ei hending som sette saman tvo upphavlegt småe og åtskilde emne, men som òg batt i hop røynd og løynd. De lyt kvessa nasen fyre de les på, det er han som er mest verksam. Ja, og berre so det er sagt; det er ikkje skjemt dette her. Kann vera eg er toskutt, men då er eg det i lag med Glahn.
Det heile gjekk til slik: (og me brigdar til dramatisk notid) Eg sit i kråi mi på Dragvollbiblioteket og les. Eg er i siget, bladar um og strikar upp. Med tidi vert eg svolten og finn fram ein klementin. Eg tek tå skalet og legg det ned attmed bøkene og skrivesakene, eg et båtballen og tek til å lesa att. Etter eit bil vil eg rita tre. Eg ritar syntaktiske tre, mange og lange tre, og blyanten vert um senn flat og feit.
Eg lyt kvessa.
(Ja, eg merkjer ut eit so kvardagslegt arbeid med skakkskrift og luft i kring. De skal vita det, at kvessing av skrivereidskapen kann vera upphav til mangt og mykje som ein skal gjeva ans på. For:)
Eg gjeng ikkje til skrotbytta for å kvessa, og eg kastar helder ikkje flaki der. Nei, ikkje denne gongen. Skalet ligg holt og bert på bordet, mest som ein open neve. Eg held blyanten yver skalet og vrid til.
Kvesseljod og mjuk landing i skalhandi.
Då, skynar de, då!
Det er eit utal angar som sig upp frå sovori ihopblanding! Klementinsaft og nykvesst rusk frå ein blyant! Og ikkje berre dét, men det er so mange minne som kjem stilt og seint inn på ein, når alt dette rekk fram åt nasevingen. Det kryp inn og mokar ymse hugbilæte fram i dagen. Då, i ein stutt blenk, flyg barneskule og jol og blyant-teikningar og snjo i nakken og Donald Duck og berrføtte sprang og beine skidspor og krit på asfalten og rips og varme morhender og alt godt eg veit, det flyg framfyre eit innvendes auga, og med det vert eg so hugkveikt som eg aldri fyrr hev vore. Ei liti rid sit eg tagall på stolen og søkk ned i gamle syn. Det kitlar i skallen og kling i beingrindi.
Som dei sagde, dei gamle: Når lukka vil inn, skal ein berre lata upp.
Träden står i blom,
marken täcks av jungfrudom
och nu hänger det på varje kvist
en solskensoptimist
Från norr till södertörn,
till jordens alla hörn
så leder vägen hem till dig
Å, äntligen på väg