torsdag 18. desember 2014

småe gledor

til dømes:

å vakna tidleg og sjå "Vertshuset den gyldne hale" med køna, um morgonen, av di det ikkje vert høve på kvelden

å uppdaga at det finst ein Wikipedia-artikkel um ordet/fenomenet dumtelefon (og at EG er uppført som ei av tri kjeldor!) 

å sjå ein profesjonell blokkfløytist spela på tvo blokkfløytor samstundes

å vera på samlagsjolefest med samlagsfinefolk medan det snør utanfor

å koma heim til jol



2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har dumtelefon!!!Dum de luxe!Eg kan berre teksta og ringja og er stolt av det.Fins det ein klubb for oss??(Facebookside gjeld ikkje,eg er SJØLVSAGT ikkje der).Anonym svigermor

fridtun sa...

Dum er digg, for å segja det med eit bokstavrim!

Eg veit ikkje um det finst nokon klubb for oss. På samlagsfesten møtte eg ein annan forfattar som òg har dumtelefon (Tidlegare i haust måtte ho låna ladaren min. Det var fyrste på gong på kanskje seks år at eg lånte burt ladaren! Veldig stas.) Elles las eg ei sak sist vetter um at gamle telefonar er i ferd med å verta trendy. Eg veit no ikkje heilt med det, men kven veit?

Skal melda frå um eg støyter på "Foreininga for stolte eigarar av dumtelefonar" e.l.