søndag 7. desember 2014

fridtun (hus)morar seg: ferding spessial II

Tradisjonen tru skal heimeskrivande husmor gjera greida for kvar ho hev arbeidt i året som snart er fare. Jamvel i 2014 hev ho gjort anna en å sitja inne på cella si og krota (trass i at det er dét ho helst vil gjera, heile tidi - og dei neste månadene skal ho mest berre skriva! O frygd!) Vel, det hev vore mykje ferding, og meir flyging en husmori likar, men slik er det.

I lista er einast arbeidsturar tekne med, hugsam heimferding til m.a. Voss og Elverum er noko for seg. (Stader ho hev vore mange gonger, er sjølvsagt tekne med mange gonger, i år som i fjor.) Det heile er temmeleg austlandstungt:


Oslo  Stavanger  Oslo  Asker  Sandefjord  Sarpsborg  Stokke  Fredrikstad  Tønsberg  Modum  Oslo  Bergen  Trondheim  Stavanger  Asker  Bergen  Trondheim  Oslo  Oslo  Asker  Ås  Hadeland  Trondheim  Ål  Oslo  Gol  Hemsedal  Oslo  Oslo  Notodden  Oslo  Ålesund  Oslo  Hamar  Oslo  Bergen.

Med andre ord: mykje Oslo i år, ofta hev ho vore der fleire dagar i strekk. Husmori funderer no på um ho skal lengja tittelen sin til urban heimeskrivande husmor.


5 kommentarer:

Anonym sa...

Anonym tanta sit og andvarpar etter leiinga av slik farting! Godt du kan sjå fram til nokre rolege skrivemånadar.

Anonym sa...

Ikkje leiinga, men lesinga! Tanto likar ikkje slik overstyring

fridtun sa...

Andvarpar! Fy fabian, so gildt!

Eg òg ser fram til skrivemånadene. Men fyre det: både bestemorbasar og melsdagar på Voss :)



Anonym sa...

Kva er det med asker?3 gonger på 1 år??Anonym svigermor m/dotter likar å seia "særp" for sarpsborg.me har køyrt gjømmont med buss.

fridtun sa...

Ja, eg var tvo gonger på same vidaregåande skulen, fyrst ein gong i vinter, so i haust. Og so var eg på eit seminar i mai, på Nesbru. Det vert tri!

"Særp" likar eg òg! Eg likar òg at de hev køyrt gjømmont med buss. Men allra best likar eg at de segjer/skriv gjømmont.