mandag 1. desember 2014

morgonscena frå eit skriveliv

Å sitja inne på skriveromet medan det langsamt lysnar utanfor, med mange trådar, utan å heilt vita kven av deim det er best å gripa tak i fyrst, glytta i nokre ordbøker, i andre bøker, i eigne nedteikningar, glo ned på papiret, glo i veggen, tenkja at det er ingi skam å glo i veggen, glo ned på papiret att, krota ned noko, strjuka yver det, slå blyanten lett mot vinstrehandi, finna ein annan tråd, ei betre opning, skriva ut ei ny setning, seint og prøvande, og so er det rett, og so kjem det rennande, so hev eg brådt eit opningsavsnitt til kapittel 2 og so finn eg meg ein kopp kaffi.



4 kommentarer:

anonym fru sa...

du kan skriva, du.

fivrelden sa...

Det var en veldig flott beskrivelse, som jeg kjenner meg veldig igjen i. :)Herlig.

Anonym sa...

Eg ser deg!!Anonym svigermor

fridtun sa...

Så hyggjeleg, Susanne! :)

Anonym svigermor: So du ser meg, ja? Det hev vore liknande aktivitet ved kjøkenbordet i NF5 òg, blant anna - stundom med gilde merknader frå ho som stend og kokar (t.d. "Ho Kristin sat stødt og skreiv").

Ja ja. Men i dag skal eg til byen og klyppa håret!