Sidan sist hev det vore eit ofselegt gjenombrot i kjettesaki: No er den rette identiteten åt dyri kjend!
Husmori slumpa til å fara med same bussen som eigaren/kattamori hin dagen (husmori og festarmøyi veit kven ho er), og so slo dei fylgje ned til husi. Etter litt drøsing um laust og fast, spurde husmori um desse hugsame kattane hadde noko namn. Å ja, då! Det hadde dei. Her kjem dei nye upplysningane. Haldt dykk fast!
Katten som husmori og festarmøyi kallar Den vesle svarte og kvite eller berre Kjetto, viste seg å ikkje vera ei kjetta i det heile, men ein kar som heiter Mikkel. Han var visst ein umtykt leikekamerat då ungane i gata var yngre. No er han leikekameraten til husmori i staden. Men ikkje i dag tidleg, då kom han ikkje burt med same ho sette seg på huk og tala mjukt, han kom berre litt nærare og lét det vera med det, for han sat og skulde spy upp ein hårball eller noko anna snadder.
So var det Den feite. Han heiter noko so sjeldsynt som Shell. Grunnen er at Dyrebeskyttelsen i Bergen fekk han frå nokon som fann han på (eller berga han frå) ein Shell-stasjon på Gol. Ikkje verst!
Tvo kattar som ikkje var med i innlegget, fekk husmori og festarmøyi òg nøgnare kjennskap til: Gråtass (som elles vert kalla Den flate på folkemunne) er ein godt vaksen kar, og so er det Pia. Ho er umåteleg lettskræmd og held seg litt i bakgrunnen.
Kor som er: Husmori og festarmøyi hev samrøystes vedteke at namni Den flate, Den feite og Den vesle svarte og kvite er fullt tillatne lika fullt. Kann henda dreg dei til med Kjetto òg.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden