lørdag 13. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Superlaurdagen held fram! No er me komne til: tysdag 2. juli. Og for ein dag!



 So snart frukosten hadde sokke ned i magen, 
sette me oss på syklane og trødde i veg.
Me skulde til utlandet, må vita! 
Um de kvesser augo, ser de nettnerden
i fint driv på toppen av kneiki.


Me stogga ved grensa på vegen heim, for me laut ha fotoprov frå ferdi.
Dei myrke flekkene på stuttbroki til kjærasten kjem av ei regnskur 
som heldt oss med selskap ein halvtimes tid. 
Med på bilætet: lokalavisa Falu Kuriren,
som nettnerden analyserte sist sumar.

Husmori laut sjølvsagt gjera seg til.
Merk at me båe hadde «Kvifor ikkje?»-skyrta på oss.


Attpåtil var det bit på fisken i dag, men serleg stor fangst vart det ikkje.
Fem-seks små-åborar heiv Haugum uti att, men denne tassen hadde
bite seg so godt fast at det var uråd å berga honom.
Ein aure beit òg på agnet, so det vart steikt fisk til frukost dagen etter.


 Kjærasten i kjend stil. 
Dei myrke skyene tetna seg til og kom siglande,
so det regna ...


... og regna. 
Nettnerden var nøgd, for ho hadde regnklæde og bitet vart bra.
Husmori hadde berre ullgenser, so ho stod under eit tre,
i minst ein time, fyrr ho beinflaug heim.
Men ho hadde det gildt, ho òg.




3 kommentarer:

nettnerden sa...

kvifor ikkje sykla til sverige i ferien, seier no eg.

fridtun sa...

eg òg.

Anonym sa...

Å - tenk å kunna sykla til Sverige...i stuttbrok!Heldiggrisar!Anonym kjærastmor syklar berre i Sverige,ofte i stuttbrok og oftast i vind og regn.Det er fint det og!