torsdag 11. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg og makk og mykje moro

Her kjem andre bolken i soga um hytteferdi vår sist vika. Me er no komne til sundag 30. juni.



Sundag fyremiddag var det ut på tur, må vita. Me tenkte fyrst å ganga
i skardet millom Båthusberget og Litlsjøberget, men so sagde den kloke
veslesyster mi at det kom til å vera svart av mygg der. 
Difor gjekk me rundt Rundhøgda (1120 moh.) i staden.



Gleda var stor då ein snjoflekk openberra seg i lidi!
Kaizer rulla og gneid og grov seg ned i godsakene.


 Nettnerden nyt utsyni yver Mare Nostrum: Fjellgutusjøen*.

* Mare Nostrum (latin for 'havet vårt') var det romerske namnet på Millomhavet (el. Middelhavet). Fjellgutusjøen er litt mindre, men det er eit hav av sik i han.



 Meir hund: Jamvel um Kaizer både er eit etardrog og eit ròtadrog,
greider han å få rauvi i gir. Reine Silkesvarten!


På ferdi ned att snudde eg meg tidt og såg upp på 
Storslåga (1344 moh.). Dit gjekk kjærasten og eg sist sumar, 
like fyre me vart kjærastar.
So me gjekk vel og lurde litt på einannan ...

Sit du og bidar på bilætet av ho som grev makk i rosa stilongs? Vel, det kjem i morgon. Vente til fræddan!



3 kommentarer:

Anonym sa...

Å du verda for ei veke dette kjem til å bli!Både "dag og tid","magasinet",ei spennande bok og nytt på bloggen kvar dag!Då gjer det ingen ting om det er meldt regn.
Frå anonym kjærastmor,før bærsesongen er igang.

fridtun sa...

Ja, her vert det full rulle! Dag og Tid greidde forresten det kunststykket å prenta den same språkstubben som stod i fyrre nummer, upp att i det nye nummeret som kom i dag, i staden for å bruka det nye stykket eg hadde sendt. (Dei var kanskje på bærtur?)

Anonym sa...

Eg får ikkje det nummeret før i morgon,og då har eg gløymt at eg har lese det for ei veke sidan!Akk ja sann,den alderen.....Berre stå på og skriv du kristin,det tåles og lesast fleire gonger.