tirsdag 16. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Me er brådt komne til den næst siste dagen av hyttedagane til Haugum og husmori: fredag 5. juli

Denne dagen merkte seg ut frå hine dagane, for no var det sol og (so godt som) blao himmel – heile dagen! Fylgjeleg åt me frukost ute, du og du! So fann me ei Hvor er Willy?-bok og var fullt upptekne med henne ei god stund. Då me var komne vel gjenom boki, såg me noko undersamt på bakken attmed benken: Ein flokk maur hadde kverka ein makk (eller funne ein som alt var daud), og no var dei i full gang med å klyppa honom i bitar og bera liket burt til tuva. Trottuge krek! PS. Ida ofra nokre rosiner til deim.



Då me kjende oss ferduge med maur-glaningi,
sprang me ein tur. Dinæst var det lauging, sjølvsagt.
Nettnerden herde seg og sumde, til og med!
Vasskalv, kallar me slike.


Husmori sumde òg litt. Eller, det er snaudt 
40 centimeter djupt der ho er, då. Merk òg at
i tillegg til laugingi på denne lange og lokkande
sandstrondi, tok me morgonlaug ved 
båtplassen nedanfor hytta mesta kvar dag.


Utpå ettermiddagen drog husmori aggregatet i gang.
Då steikte me vaflar, drakk øl og løyste eit
påskekryssord (med stolen som skrivebord?).
Det var skiftarbeid: steik tvo plator, so løyser
du kryssord til ho hi hev steikt to, osb.
Ingi sak å vera husmor i slik ein heim!


2 kommentarer:

nettnerden sa...

retting:

(...) tok HUSMORI morgonlaug ved båtplassen nedanfor hytta mesta kvar dag, medan Haugum laag ròta seg inne.

fridtun sa...

Nei, det vert ikkje rett det hell, for du var med på sume morgonlaug! So eg retter inkje. Ædda bædda.

(Det siste skreiv eg mest for å brifa med bokstavar som du ikkje hev tilgjenge til no!)