mandag 3. september 2012

skisser från sommaren 2012 (samandrag)

Me er inne i september, haustmyrkret drygjer ikkje med å breida og briska seg, lauvet bur seg på å falla. Det er tid å sula upp; draga i hop sumartrådane og gjera ei fletta som er god å halda i når logni og ljoset må vika for kavet og kjøldi.

Her er fletta, tie punkt med fagna minne frå sumaren. 
(Eg åtvarar mot kliss og klin, serleg i fyrste helvti.)


1. Kjærast!
2. Kjærast!
3. Kjærast!
4. Å vera på hytta (og få seg kjærast samstundes)
5. Å vera på hytta (med ein fin skyldfolkflokk)
6. Å vera på Flo (med ein fin skyldfolkflokk)
7. Å vera i lag med eldste veslesysteri (fyrr en ho fór åt Australia)
8. Å sjå og høyra Kent på Operataket, i hyljeregn, med kjærasten
9. Å vera i tvo brudlaup og ingi gravferd
10. Å gjeva ut bok  

Det hev vore ein makelaus sumar.
Den beste eg kann minnast.
Den beste



6 kommentarer:

dativfleirtal (kär) sa...

eg liker/likte det fjerde punktet best. eg gler meg til å vera på hytta att. med deg. og sumaren.

lat sumaren vera sumar, var det nokon som sa.

fridtun sa...

Hytta er ikke so verst i oktober hell! Men sumaren, ja. Då skal du få fisk på kroken òg - ikkje berre meg. Hohoho.

Lat sumaren vera sumar. Ja. Umsider vart sumaren slik ein sumar skal vera. Keidsam var han i alle fall ikkje.

Anonym sa...

Anonym kjærast-mor sin matematiske og logiske sans vil ha punkt 1,2 og 3 etter punkt 4.Men kanskje eg ikkje har lese godt nok mellom linjene????

fridtun sa...

Anonym kjærast-mor har eit svært godt poeng. Eg er samd. Men eg skal freista greida ut floken.

Årsaki til den undersame fylgdi må vera at fletta/lista er heller ulogisk, i alle fall um me nyttar logisk i trong tyding. Ho er snarare skipa etter innfallsmetoden enn etter kronologi eller grad av frygd og gaman. Eller rettare: Ho er skipa ved ei slags blanding av dei tri.

Eg veit ikkje um det gjorde saki klårare. Truleg ikkje.

Line sa...

HURRA HURRA HURRA. Eg seier berre HURRA HURRA HURRA!!!!!!!

fridtun sa...

HURRA for den eine av dei tvo brurene, segjer berre eg!