torsdag 20. september 2012

ein glad gut (eller noko)

Det var laurdag 15. september.
Bokslepp, etymologisk ordfest.
Høgtlesing, boksal, leik og lått.
Alle dei beste og næraste som
hadde høve, var der: mor, far,
kjærast, vener. Det var mest
som eg flaug, høgt, lett, ljuvt
både ut or og inn i sjølve meg.
Og signering. Mykje signering.

Å jø, for ein kveld! Sæle meg! 






















Naturfotograf: Anonym kjærast






7 kommentarer:

fotografen sa...

boksleppet, eller "höstens höjdare"* um du vil. kor fin du er.

*kan nok få litt konkurranse når me kjem til ei viss fjellveke.

fridtun sa...

*Ja, det er eg tolleg trygg på. Endå det berre vert nokre dagar.

Unknown sa...

Å, eg humra godt av overskifta og eg smila breitt av biletet. Glad du hadde ein flott kveld!

Anonym sa...

Kommer boka ut i digital utgave?

fridtun sa...

Takk, fine Kirsti! (Eg heldt som vanleg på å skriva *Kirstin) No skal eg straks inn og sjå på pakkelista di.

Anonym: Ikkje det eg veit. Eller: Ikkje med det fyrste.

Anonym sa...

Enkelte anonyme damer i sin beste alder ser på Nynorske litteraturdagar i Aurland som "høstens høydare"!Billettar og rom på pensjonat er tinga,og flokken har alt byrja å snakka om den gode maten og drykken som skal nytast på rommet før startskotet går!

fridtun sa...

Det vert ei framifrå helg! Sjølv kjem eg vel til å vera so nervøs at berre ein drope Ægir-øl dytter meg or jamvekt, so det er godt eg hev eit fast fylgje å stydja meg til. Og mykje å gleda meg til, ikkje minst. (Eide! Ravatn! Anonyme damor i sin beste alder!)