torsdag 5. januar 2012

«kvalitetstid»

Den umtenkte far min bles or seg nokre miskunnlause ord i joli. Han hadde lese eit stykke um folk (helst byfolk, vel) som tok med seg ungane og fór på hytta i joli. Just dét er greidt, men so er spursmålet kva slags hyttetur det er. Trur du desse folki dreg til ei nedsnjova, gamaldags bu og er nøydde um å sprengfyra i mange timar fyrr dei kann kasta uteklædi? Å, nei, når dei kjem, er snjoen moka burt, hytta er varm og rein, fjelga til jol. Ja, maten stend fulla og ryk på bordet.

Folk gjer ikkje slikt berre i joli; dei gjer det i påska òg, og elles. Men kvifor gjer dei det? Grunnen er visst - etter det dei segjer - at dei skal hava «kvalitetstid» med borni. Kvalitetstid, kva er det for slag? Er ikkje tidi stødt den same? Korleis mæler me «kvaliteten» til tidi? Lat meg vera litt stygg: Kvalitetstid er truleg å «være sammen» og ha det «morsomt» og «kose seg» heile tidi. Visseleg er samhald tvingande naudsynt for eit menneske, og visseleg gjer det godt å få kvila ut og hyggja seg i godt lag. Men - og spitordi held fram - eg mistenkjer at folk som er so «hippe» at dei ikkje idest verma hytta si sjølv, samstundes er so «hippe» at dei skutlar burt kvalitetstidi si med å sitja for seg sjølv framfor kvar sin iPod eller dilikt.

Kva hugsar eg best frå joli då eg var barn? Eg hev eit veikt minne um aking og skidleik med mor og far i romjoli - «kvalitetstid», dei kallar. Men det minnest best, var alt det me ungane fekk hjelpa til med fyre jol, saman med mor og far. Baka peparkakor. Kaupa og pynta treet. Baka andre kakor. Skura kjøkenbenken so såpeskummet stod. Finna kvister i skogen som mor skulde nytta i kransar og eg veit ikkje kva. Køyra rundt med jolegåvor. Setja ut nissar som me hadde laga av vedkubbar og filt og anna snadder. Dekkja bordet på joleftan.

Spyrjeleik (heilt upartisk):
Kva slags ungar trur du vert greidast i tanåri; dei som kjenner gleda ved å få vera til hjelp og ser takksemdi til foreldri, eller dei som er forkjælte og vert sparde for arbeid av di dei skal ha det moro og koselegt stødt?

Eg berre spyrr.

5 kommentarer:

Zeugma sa...

Hehe, eg tykkjer i alle fall du er mellom dei greiaste folka eg kjenner. :)

fridtun sa...

Ah, godt å høyra, PES!

elise sa...

hoho, fekk iallefall nok "kvalitetstid" med familien denne jula:D i stummande mørkre. veit ikkje heilt om eg er nokon fan av det konseptet.

Ragnil sa...

Så sant!

fridtun sa...

Tja, straumløysa kann vel vera god i sume tilfelle - eg hadde ikkje hatt noko imot um me innførde éin dag i året der me var utan straum (undantak for sjukehus og gamleheimar og slikt). So kunde folk sitja saman og røda og spela kort og ikkje verta uroa av til dømes ting med tastar og pipeljod.