tirsdag 27. desember 2011

annus incredibilis

For tvo vikor sidan skreiv eg i eit jolebrev åt ein ven at eg i grunnen var glad for at 2011 nærma seg enden. So fortalde eg kvifor eg såg det slik: Dette året hev vore so hendingsfullt og underlegt og skilsetjande, og det er ikkje godt å segja kva meir dette året kunde ha bjode på, um det var lengre.


So nærma vika 52 seg, eg slo meg til ro og tenkte at no er det jol, no er det fred - vel, so vart det ikkje ei heilt vanleg jol heller. Stormen fór visseleg ikkje alt for fælsleg åt med oss innlandskrabbane på Austlandet, men me er ikkje uvitande um at mange andre fekk høgtidi skipla av villvêret. Til dømes det hardt prøvde skyldfolket vårt i Flo-bygdi, som no er innestengt av ras på ymse sidor. 2011 kunde bjoda på meir, med andre ord. Vonleg er det siste krampetrekkjing, dei kallar, ja, lat det vera so.


Eg skal ikkje rekna upp stort og smått som hev hendt dette året. Hovuddragi hev de greida på sjølve, og det som høyrer kjenslelivet til, bør fulla helst få halda seg der. Eitt hev eg hug til å nemna: Skreiv ikkje eg alt i februar at det var noko undersamt ved dette året? I minsto var januar rar, og slik heldt det berre fram. Eg smyr ikkje tjukt på eller blæs upp slikt som i grunnen er smått - nei, på alle umkverve var 2011 sermerkt, uvanlegt. For meg, for landet, for utlandet.


Kann henda er det ei vonlaus bøn, men eg vågar voni: Måtte 2012 verta eit vanlegt, fredsamt, stilt - ja, beint fram keidsamt år. Det vøre godt.

5 kommentarer:

dativfleirtal sa...

eg vonar òg at 2012 vert eit vanleg år, men med sumar om sumaren. elles må eg reisa til syden, og det vil eg ikkje.

Engeline sa...

(I mangel på et sekulært ord:) Amen, Kristin. Amen.


Og neste år skal vel verden gå under? Vi kan vel få litt fred først, vel!

fridtun sa...

Ja, lat sumaren vera sumar!

Sant å segja hadde det vel vore til pass for oss um verdi gjekk under, men ei liti kvilestund innan dess hadde ikkje vore so dumt.

Astrid sa...

Ja, dette skriv eg under på! Det var noko merkeleg med 2011, allereie frå byrjinga. No må neste år bli rolegare.

fridtun sa...

Visst! Men det spyrst um dei høge maktene vil det slik... Hm!

Eit anna typiskt 2011-hende: I går fall Tom Hilde braut ein kvervel i ryggen. For svarte svingande!