fredag 9. desember 2011

tri frå frikar

I haust hev eg havt snaudt med tid til å sitja med nasen i ei bok og lesa berre for hyggja. Lesa berre fordi det er gildt og gjer godt, ikkje fordi eg skal noko med det. Endå er det sume bøker eg tek fram då og då, gjerne bøker med einskilde dikt og stykke som eg tykkjer godt um og stundom fær brennhug til å lesa um att. Når dagen er tung som ein potetsekk, kann nokre velskrivne sidor knipsa burt byrdi som var ho ein mygg. Ikkje til å tru! Helst er det gamle stykke eg les, men sume nye tekster hev òg same verknaden. Til dømes fyrste luten av Frikar (2010) av Tarald Stein. Desse dikti råkar ein burttrengd og varnæm streng i meg, her er eitkvart som tek til å bivra - men ikkje spyrr meg kva det er. Dikti fær heller tala for seg. Som her, frå sidone 14, 15 og 19:


Ei dør opnar seg
der inne sit barndomen
peikar feil veg


Eg lèt att døra
for ikkje å kome i klem


*


Eg synest ikkje
Kroppen sperrar for innsikta
Eg ropar ikkje at eg er her
er ikkje sikker


*


Ingen arkeolog skal børste støvet
av mine knoklar
telje ribbein
måle hofter
stille meg ut
som kvinne


*


Nei, ikkje det. Still meg ut som hund, som katt, som fugl, som fisk, men ikkje dét. Ikkje kvinna. Kvennmaðr kan de stilla meg ut som. Norrønt for 'kvinnemenneske'. Kvinnemann, etter dagsens rettskriving. Heller det, godtfolk. Heller det.

4 kommentarer:

Silje W. sa...

I årets julebrev (som nettopp er puttet i en konvolutt) stiller jeg deg ut som en Tove Jansson-skapning eller to. Tenker det går greit.

fridtun sa...

Å herre min hatt! Du altso! Eg kan røpa at du ikkje er utstilt som nokon ting ;)

Engeline sa...

Åå. Nå har jeg prøvd å si noe fornuftig om disse tre småsnuttene, fordi de treffer et eller annet i meg også. Jeg finner bare ikke ordene, ikke annet enn:

De lukter av deg.

fridtun sa...

Takk, Englimor! (fint, eller kva?)

Ja, dette emnet råkar vel noko i alle - berre dei er opne og skynsame og tek seg tidi til å kjenna etter. I staden for å blindt lyda alt som er gjengs og tillært og fastgrott, meiner eg. Takk for ordi! Eg (trur eg) skynar kva du prøver segja.