søndag 14. august 2011

stol-leiken

«Falla millom tvo stolar», er det noko som heiter. Det kann vera vondt, både for hjartat og rauvi, men det kann òg gjeva hovudet litt å bryna seg på: Kvar skal eg sitja no?

Det finst tvo slike stolar som «vanlegt folk» sit greidt på. Dei sit so stødt og godt at dei radt trur det er uråd å falla millom. Det finst tvo stolar, tenkjer dei, og anten sit du på den eine, eller so sit du på den andre.

Desse stolane heiter kyn (kjønn på sidemålet). Eller meir presist: hannkyn og hokyn. Og kva finst millom deim?

Inkjekyn, kann henda. I minsto er det slik me gjer det i mållæra:
Han - ho - det. Ein - ei - eit. Hannkyn - hokyn - inkjekyn.
Maskulinum - femininum - nøytrum (lat. neutrum, 'ingen av tvo').

Ord kann fint vera inkjekyn, men kann folk vera det? Hev det noko å segja at inkjekyn - «inkje kyn» - er ei slags avvising, eller neitting, av kyn?

Ég veit það ekki, som islendingen segjer. Hadde det vore ein stol millom hannstolen og hostolen, hadde eg sett meg der på flygande flekken. Jau då, jau då, eg hev visseleg skrive um dette emnet fyrr. Men so lenge eg ikkje finn denne millomstolen, er eg dømd til å vera på leiting etter 'n. Trongen til denne stolen melder seg rett som det er. Til dømes når eg skal svara på spyrjeundersøkjingar, og eg fyrst vert bedi um å gjeva «bakgrunnsinformasjon». Alder, bustad og slikt er greidt å svara på, men kva når eg skal setja kryss for um eg er «mann» eller «kvinna». Kvifor finst det ikkje ei rute som heiter «veit ikkje» eller «anna»?

Svaret gjev seg sjølv: Fordi dei som laga undersøkjingi sit godt på ein av stolane. Dei er ikkje eingong firkanta i hovudet, dei er tvokanta. Og me som er litt rundare av oss, er nøydde til å trilla kvilelaust ikring utan nokon stad å finna feste. Finst det feste i det heile?

I Nepal, og sume andre stader, hev dei «innført» eit tridje kyn, eit kyn midt-i-millom, eit som korkje er hann- eller hokyn. Dei hev teke i bruk det personlege pronomenet hin, skriv LLH, men eg mistenkjer at dette er ei norsk utgåva av ordet (etter mynsteret han og hun). Um hin er den nepalske formi, er det sjølvsagt greidt, men um det er ein freistnad på norsk umsetjing, er det ulaglegt: hin er som kjent hannkynsformi av det peikande pronomenet hin - hi - hitt, og det tyder 'den andre (av tvo)'. Og hin skulde vera det tridje!

Same kva: Tanken er god - uvanleg god - og de tek poenget.
Hev nokon ein stol å låna meg?




11 kommentarer:

Antje sa...

Jag tycker om den här blogpost, en jättebra förklaring syns jag!
Det sidste du skriver påminner mig om hur det är löst i Sverige - där finns "hen" som en tredje möjliga pronom. (Om jag minns det rätt kommer det ursprungligen från Finland.)
Annars finns ju också den engelska versionen där man brukar pluralis "they" for just one person, men jag vet inte om det skulle funka i andra språk. (Skulle förmodligen inte funka i (mitt modersmål) tyska, och mina andra språk kan jag inte bra nog för att kunna bedöma det.)

Zeugma sa...

Dette var eit veldig fint innlegg. Sjølv om du har skrive om det same før, liker eg at du tek det opp att. Pronomen er så automatiserte i språket, ein tenkjer ofte ikkje over kor kategoriserande og avgrensande dei er. Så blir det jo òg veldig «desautomatiserande» å skulla nytta eit pronomen som er _korkje_ han- eller hokjønn. Hin er i alle fall eit dårleg framlegg, det blir litt som å ha «han, ho og dei andre».

fridtun sa...

Ja! Hjarteleg takk, båe tvo. Eg tenkte just på at pronomen tyder 'i staden for namnet', og namn flest er knytte til eitt kyn. Men endå synest eg det er greidar med eigennamn en pronomen. Eg kann godt heita Kristin og endå nytta eit anna pronomen en ho. Fascinerande!

dativfleirtal sa...

flott, som alltid! i denne samanhengen sit eg diverre/heldigvis støtt på kvinnestolen. eg er heilt overtydd om at det er rett òg, for meg. men som før nemnt annanstad, er eg ikkje god til leva opp til dei forventningane omverda (her: lærarromma) har til denne kjønnstilhøyrsla. kva dei ser og kva eg er/gjer samsvarar jo likevel ikkje. det er eg nøgd med. eg liker å rista andre av sine stolar (her: oppfatningar om verda).

dativfleirtal sa...

(det har dei godt av, så lett og tokanta dei har det.)

Ho hi:) sa...

Haha, eg las nett ein artikkel på blikk sine sider om å utfordra kjønnsrollene på fjesboki. Eg likar hin-forma! Ho hi høyres betre ut enn ho, meiner eg. Kva med ho hine og han hi? Kanskje eit dårleg framlegg, men klinga godt i øyrene mine nett no:) På tysk seier ein Sie når ein er usikker. Men alt der har jo fått -in ending no, so dei er i alle høve todimensjonale.

fridtun sa...

Ja, folk hev godt av å få seg ein i fleisen, anten det er på lærarromet eller andre stader. Men kann henda serskilt på lærarromet, når eg tenkjer etter, sidan lærarane hev slik ei veldig påverknadskraft.

Dessutan er det ei umåteleg stor trøyst for meg - når nokon hev umtala meg som hannkyn - å vita at dei truleg fekk seg ein langt verre støkk en eg fekk. Hah!

Ho hin, han hi (og andre avbrigde) - ikkje so dumt, og det meste er betre en berre han/ho. Kanskje me skal segja 'hon', som i Bjørgvin? ;p

Nynorskingen sa...

Dersom — slik eg las ein gong — menn og kvinnor er so ulike at det nærast er snakk um tvo ulike artar, so kann henda:

«han-gjenta» og «ho-gut»?
«ho-mann(-being)» og «han-kona»?
«eit han» og «eit ho»?

fridtun sa...

Forvitnelegt! Eg må tyggja litt på det.

Engeline sa...

*APPLAUS* og *TRAMPEKLAPP*

fridtun sa...

Hoi! Du sparer ikkje på krutet!