mandag 25. juli 2011

ordløysa

[Språkstubb til ekstrautgåva av Dag og Tid i samband med hendingane 22. juli. Tileigna alle dei som vart råka av denne vondskapen - serleg ho frå Fridtun som gledde seg slik til sumarleir, og som no er mellom dei sakna. Det finst ikkje ord.]

Stundom seier me mest når me ikkje seier nokon ting. Ord som til vanleg gjev fullgode og råkande skildringar av tanke- og kjensleliv, kan brått missa all kraft og te seg som tome skal: Dei har form, men innhaldet er borte. Det er slik «ord blir fattige». Og difor vert orda nesten meir til bry enn til hjelp, for dei seier ikkje det me vil dei skal seia. Me stangar imot dei og leitar etter nye ord, men endar med å seia at det me vil seia, ikkje kan seiast. Eller me lèt kroppen tala for oss, so tydeleg og klårt som berre kroppen kan.

Det er underleg, men likevel skjønar me det so altfor godt: Me seier at «me har ikkje ord» og «me finn ikkje ord», endå me har og kan mange tusen ord. Det mektige ordet vert brått makteslaust, og duger berre til å seia at det sjølv er udugeleg: «ord strekkjer ikkje til», «det er heilt ubeskriveleg», «eg kan ikkje setja ord på det», «eg kan ikkje få sagt det». Men er det orda det er noko gale med? Det er vel heller slik at orda ikkje vart laga for dagar som 22. juli 2011.

Jamvel om orda ter seg meiningslause og ikkje kan bera fram det me har opplevt og kjent, evnar dei å vera eit band mellom folk. Det kan synast merkeleg, men det er som dei «tome» orda har ei særskild tyngd i seg; dei veg tungt fordi dei vert sagde nett no. Kan henda kjem det av måten me seier dei på: Me vil so mykje med orda i slike stunder, me meiner det so sterkt det vesle me greier å få fram. Til vanleg har me lett for å nytta sterke og store ord om det som i grunnen berre er småting, so når me verkeleg har bruk for desse orda, når me verkeleg meiner det, er orda oppbruka og nyttelause. Då tel det meir at me seier noko til dei som treng det, enn at det me seier er klokt og klårt.

Like fullt er det lekamen som merkar og målber slike hendingar best. Teikna hans kan alle tyda, og me kjenner dei i oss sjølve når me ser dei hjå andre. Det er samkjensle i rette tydinga av ordet. Og stundom er det ordlause språket det beste.

4 kommentarer:

ida sa...

<3

fridtun sa...

:-*

Engeline sa...

Ida skrev det jeg ville skrive mens jeg leste, tegn som hjelp midt i ordløsheten. Kristin Fridtun, jeg skulle ønske jeg kunne gi deg en klem.

fridtun sa...

Å, du gode spirrevipp, det skal du få høve til um litt! Hjarteteiknet er ikkje so dumt, når alt kjem til alt.