fredag 17. juni 2011

s(t)yggdom

Det heiter sjuk og sjukdom.
Det gjer det.
Ikkje seg meg imot.
Sjuk. Og sjukdom.
Men eg toler at folk segjer syk.
Og sykdom.
Det er greidt. Heilt fint.
Eg toler jamvel at folk segjer syg.
Og sygdom.
Sume segjer og skal segja det slik. Det er til å halda ut.

Men det er som å få
tusund kvasse glasbitar
knødde inn i øyro
når statsministeren og andre spjåkspråkarar
jamt og samt masar og mel
om SYGGDOM.

Syggdom.

Det er ein fårleg sott som breider seg. Han kjem ofta i fylgje med «men det er klart at» og «bevissthet rundt» og andre syggdomar.

Tenkt telefonsamtala til sjefen:
«Hei! I dag kan jeg dessverre ikke komme i forhold til jobben, da jeg er sygg.»

God betring.


10 kommentarer:

dativfleirtal sa...

ånei, eg var SO KLAR for å svara noko i forhold til det du skreiv her - men du gjer det jo sjølv. det er mykje vondt som spreier seg der ute. eg kjem just frå mitt eige bloggarkiv, og ser eg var mykje sint på denslags styggedom i -08. det hjelpte visst å skriva om det, eg gjer det ikkje so mykje no lenger. (litt synd, av di dei sinte tekstane mine ofte er nokså underhaldande)

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
fridtun sa...

Ja, det er mange utfordringer knyttet til frustrasjon og maktesløshet i forhold til språkforholdene i samtiden vår.

Eg prøver halda meg frå å skriva mange slike arge innlegg. Men sumtid må det ut, berre. Godt.

synnøve sa...

Bra du "har fokus på" denslags. :-P

fridtun sa...

Ja, stort og breidt fokus!

Silje W. sa...

«Hei! I dag kan jeg dessverre ikke komme i forhold til jobben, da jeg er sygg.»

Hahahaha! :-D

fridtun sa...

Ja. Og "vondt i ryggen" bør heretter heita "ryggsygg". Og om du er fager jamvel om du er febersjuk, er du "snyggsygg".

Engeline sa...

Jeg savner fjesbokknappen "liker" akkurat nå. Dere skulle fått en "like" alle sammen.

Jeg håper jeg en gang kan få brukt "i forhold til jobben" i en faktisk sammenheng.

fridtun sa...

Haha, og me skulde havt ein likar-knapp på deg - stødt! :)