fredag 24. juni 2011

å lengta seg lang (inni)

Alle kjenslor hev fulla noko serskilt og makelaust ved seg.
Det veit me, me som er kjenslege
og kann skilja grant millom ymse rørslor og drag i hugen,
at alle kjenslor hev eigne teikn og eigne tonar.
Dei er mange, dei er tydelege.
Dei er alle ulike, dei er alle makelause.

Men endå er lengting noko for seg.

Finst det noko som gjer so godt og so vondt - samstundes?
Korleis kann det vera søtt og beiskt - samstundes?
Kva er det å lengta? Kvifor heiter det so?

Kven som helst kann sjå at lengta kjem av lang.
Dét er ingi kunst.
På engelsk nyttar me endåtil same ordet for 'lang' og 'lengta': long.
So det skynar alle, at lengta og lang heng i hop.
Men kann alle kjenna at det er slik?

Det hender ofta at me gjer oss lange i bokstavleg tyding:
Me tøygjer og strekkjer oss so me skal nå burt til noko,
til dømes eit høgt skåp eller ei kanna på hi sida bordet.
Men lengting, er det å gjera seg lang i bokstavleg eller bilætleg tyding?
Er lengting å faktisk strekkja seg ut - likamleg -
eller er det ei åndeleg utstrekkjing som liknar den likamlege?

Me skulde radt tru det siste, men eg trur det fyrste:
Å lengta er å strekkja seg ut - inni kroppen.

Difor er det òg vondt:
Alle som hev tøygt ut etter trening,
veit at det gjer vondt å tøygja musklar.
Og kva er hjartat?
Ein muskel.

Trøysti er at det gjer godt etterpå,
og at ein tøygd muskel toler meir en ein utøygd.
Men kva er dét til trøyst, når lengtingi held fram og held fram?
«Han lenge lengtar, som mykje ventar», heiter det.
Korleis held me ut å vera dregne og utstrekte dag etter dag
mot noko me ikkje greider å nå?

Å lengta lenge er verre en å forskreva seg.

Men endå gjer me det, me gjera det,
for lengting er ikkje berre lyst, det er òg von.
Kann henda vert det vinning, kann henda vonbrot -
me må langa ut um me skal få greida på dét.

Og kva lengtar me etter?
Det kann vera so mangt:
Me lengtar etter
det som finst,
det som fanst,
det som ikkje finst,
det som ikkje fanst,
det som aldri kann finnast.

Og visst gör det ont, som Karin Boye skreiv.

Boye visste eitt og anna um lengting.
Det synest på poesien, på prosaen.
Denne gjæve, ovkloke, kjenslerike og - ikkje minst - skeive kvinna
lét etter seg ei mengd hugtakande verk
som kann slå deg i bakken
eller lyfta deg til himmels - fordi du kjenner att noko.

Lat oss taka Kris (1934), ein roman med sjølvbiografiske drag,
um tru og tvil, um kjærleik (ja, skeiv kjærleik, um de skulde undra),
um einsemd, um uro, um redsla, um lengting.
Romanen skildrar hug og medvit meir en hending og handling.
Han er krevjande å lesa, men når han tek, so skjek han.

Her hev me ein smakebite, og eit laglegt punktum for innlegget:

«Oron säger: Bort! Alltid bort!

Vad betyder den, oron? Vart leder den? Driver själen att släppa vad den har, hindrar den att söka ett nytt. Vad är det för en stor leda vid allt man har funnit, vad är det för en stor längtan efter något ingen kan finna, som driver oss att lägga händerna i knät - och förtvivla?

Det hade alltid varit så. Som liten hade hon brustit i gråt, då hon hörde ordet längtan. Ordet var för stärkt, laddat med dödande makt. Talade om det evigt förlorade - det høgsta, det enda, sjunket i djupet en gång i tidens början, ingen vet när. Allt riktigt vackert kunde gripa henne med en sådan hopplös längtans plåga, att hon ibland vaggade med hela kroppen som i värk. Där bortom, där bortom...»

*

6 kommentarer:

Ragnil sa...

Takk for at du skreiv det eg kjenner, i desse dagar som eg sjølv ikkje finn dei rette orda. Pang midt i hjartet au.

fridtun sa...

Det skal vera vondt då og då. Og endå um det er vandt å setja fingeren på det, finst det stødt nokon som hev ord for det ordlause. Leve litteraturen!

(Og god festival, forresten!)

dativfleirtal sa...

ÅH! du er like flink som litteraturen til å skildra slikt (- eller du er ein del av han, litteraturen.)

fridtun sa...

Å, du er no altfor snild! Eller for å segja det som ein viss radioreportar: «Eg stend her mållaus utan ord og greider ikkje segja noko som helst.»

synnøve sa...

Dette var eit særs fint innlegg, Kristin. Fekk meg til å tenkja på Olav H. Hauge:

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Truleg ikkje utan grunn at dette diktet er vorte so folkekjært. :-)

fridtun sa...

Ja, eg trur du er inne på noko der. Von, tru og draum - dei hev alle mest som eit drag av lengting i seg.