onsdag 15. juni 2011

friskriving / friflyging

Ein sjeldan gong skriv eg fritt. Då skriv eg slikt som ikkje er fag eller sak; skriv berre fordi det er godt å skriva. Det skal ikkje på prent eller til vurdering. Det er ikkje kunst eller dikting. Eg segjer ikkje at det er bra. Det er berre skriving. Fritt. For meg sjølv, til meg sjølv. Lause skildringar, hugskot.

Men sumt kann fulla andre ha glede av òg. Til dømes hev eg freista skildra kjensla av å flyga på skidor. Ei vonlaus uppgåva. Eg vert aldri nøgd. Men her er siste framlegg. Hoppa, godtfolk, hoppa!


Å vera i lufti. Dei kann ikkje skyna det som ikkje hev kjent det. Eit svev lèt seg ikkje fanga. Det er ei namnlaus kjensla. Ei sansing av noko innvendig. Floget er å kjenna seg sjølv i ingenting, vera full inni det tome. Det er å sansa alt klårare fordi du er lausriven frå det. Det er å stiga upp frå verdi og inn i seg sjølv. Her er alt du. Hugen breider seg, fyller likamen, kjem nær og er sterk. Djupnene i deg opnest, vil vera med.

Tankane er aldri so reine som i svevet, og aldri so raske. For slik er svevet: ei sameining av det som ikkje kann sameinast. Det er ro og ras på same tid, det er å stå still i vill fart, det er å vera mjuk og stram samstundes, det er å styra kvar minste detalj medan du er i det styrlause.

Slik: Du sit mjukt og stilt når kroppen rasar nedetter. Satsen er eit svart hol, heilt burte, pårøyningi er so stor at hovudet koplar ut, du er medvitslaus på kanten, ingen hoppar hugsar satsen, berre likamen hugsar, han kann det, gjer det av seg sjølv, rørsla er støypt inn i musklane. Over kulen er det som du vaknar, seint og mjukt vaknar du, og kjenner at du stig og stig fordi noko ligg under og skyv skidone mot deg, ber deg, og du kann liggja heilt, heilt roleg og berre kjenna.



.

3 kommentarer:

Unknown sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Unknown sa...

Det er sjeldan eg les noko av den frie skrivinga di. No vonar eg det ikkje vert lenge til neste gong; du skriv om noko eg aldri har oppleve, og likevel har eg lyst til å hoppe på ny og på ny. Det høyrest fantastisk ut!

fridtun sa...

Takk! Me fær sjå, då, sju'... Veit aldri kva som kann dukka fram!