mandag 9. mai 2011

náttúra amorsins

Dei gamle - id est: norrøne - skildringane av kjærleik er ikkje stødt måtehaldne, saklege, uromantiske, underdrivne, snaude eller beint fram løynde. Riddarsogor og andre høviske greidor er no éin ting, men stundom sprett det fram slike endelause og målande utgreidingar i sogor som elles er tolleg sparsame med slikt. Det ballar på seg og veks og blømer og tek ingen ende. Det er mest som sagaforteljaren hev opna ei elskhugsslusa. Slik er det til dømes i den etter-klassiske islendingesoga Víglundar saga. Dette er ikkje for veike sjæler:

En þau unnust því heitara með leynligri ást ok fólginni elsku þeim í brjósti þegar í fyrstu, er þau váru uppvaxandi, svá at rætr elskunnar ok uppvöxtr ástarinnar, er aldri varð upprættr ór þeira hjörtum, eptir því sem náttúra er amorsins, at eldr yndisins ok logi elskunnar brennr því heitara ok sækir því meir brjóst ok hjörtu mannanna saman sem fleiri vilja þeim meina ok stærri skorður við settar þeira vandamanna, er áðr hefir ást ok elska saman fallit þeira á millum, sem nú þessara manna, Víglundar ok Ketilríðar, því at þau unnust alla æfi svá heitt, meðan þau lifðu bædi, at hvárki mátti af öðru sjá, þaðan af er þau sáust fyrsta, ef þau skyldu eptir því gera, sem hugir þeira stódu til.

Ei noko upresis hasteumsetjing vert um lag slik:

Men kjærleiken deira vart strakst endå heitare en han var då dei voks upp, med løynlegare åst og gøymd elsk i brjostet, so at elskhugsrøtene og kjærleiksvoksteren aldri vart rivne or hjarto deira. For natturi til kjærleiken er slik at hugnadselden og elskhugslogen brenn di heitare og søkjer di meir brjost og hjarta og driv dei elskande saman, di fleire som vil hindra deim og stikka kjeppar i hjulet for lovnaden deira. Slik er det når det fyrst hev kome åst og elsk imillom folk, som millom Viglund og Kjetilrid, og dei elska kvarandre so høgt all den tidi dei livde at frå den stundi dei fyrst såg einannan, evla ingi av deim sjå på andre, um dei skulde gjera det dei hadde hug til.


Snadder!

3 kommentarer:

Ragnil sa...

Vakkert!

fridtun sa...

Ja visst! Men eg er glad heile soga ikkje er slik. Det kunde lett vorte vèl mykje av det gode.

sam sa...

Dei las slikt i millomalderen, ja. Eg kom på ei anektdota der ein av elevane åt biskup Jón las Ars amandi av Ovid. Det tykte ikkje biskupen serleg um og forbaud heile verket. Eg veit ikkje kva biskupen reint konkret gjorde, men sakene var skrivne på pergament den gongen, so eg trur ikkje at han trekte verket ned i do eller brende det.