mandag 30. mai 2011

etymologiske godbitar

Eg sit her og les Jo visst kan du gresk og latin! (2010) av Vibeke Roggen. Det er ei perla av ei bok - les henne! Emnet er stutt sagt ordsoga og utbreidsla åt græske og latinske ord, men det er langt ifrå so turt som de radt trur det er. Etymologi ('læra um det sanne', her: 'det sanne upphavet til ordi') er hugtakande saker, og her skal de sjå nokre døme på vanlege, innlånte ord. Kann henda kjenner de til det, men. Dette er mest som poesi, folkens!

helikopter - av græsk héliks ('noko som snurrar') og pterón ('veng')
juice - innlånt frå engelsk, men upphavleg latin jus ('kraft frå kjøt og frukt'). Og frå fransk hev me lånt det same ordet, men då med onnor form og tyding: sjy.
senat - av latin senátus, av di rådet var ihopsett av gamle karar (senes, jf. lagordavleidingi senílis, 'det som hev å gjera med å vera gamall')
skruppel - av latin scrupulus (liten, kvass stein')
sarkofag - av græsk sarks ('kjøt') og fageín ('eta') = kjøtetar! (Dei nytta eit steinslag som gjorde at likamen kvarv snøgt)
nostalgi - av græsk nóstos ('det å fara attende, fara heim') og álgos ('pina, verk')

Det er meir der det kjem frå!

4 kommentarer:

Ragnil sa...

Takk for boktipset! Om nostalgi var det finaste eg har sett idag, trur eg.

fridtun sa...

Just det! Det gode gamle heimsjuk er ikkje so gale, det heller.

Unknown sa...

Meir, meir! Etymologi er så sjukt spennande. Nostalig var fint, men eg likar òg snurrande vengje. Høyrest ut som eit indianarnamn!

fridtun sa...

Haha, JA!