mandag 23. august 2010

helsing frå eit postkort



Her hev eg vore den siste vika. 


Kav åleine, midt millom tvo nasjonalparkar. Femundsmarki og Gutulidi, heiter dei. Ikkje hev eg tala ved ein einaste kjeft - undanteke ho i kassa på Elgå (eg sykla til kooperativen og skulde kaupa sukker og gjær - - nei då, det var berre såpa og mjølk) og undanteke nokre stutte samtalar med Heimen. Kav åleine, men ikkje serleg einsam.


Der finst mange gode grunnar til å fara upp hit. Denne gongen var det at eg vilde hava det fritt og fredsamt, og ikkje trongt og mødesamt, slik det jamnast er på universitetet når haustsemesteret tek til. Eg hev slik ein mothug mot styr og storm og uppkava, folkefulle stader. Det er ikkje berre det at eg ikkje likar det, det er plent so eg ikkje kann halda det ut. Ugreidt, er det. Difor fór eg hit.


Og kva gjorde eg her? Skreiv og las. Eg skulde fara til fjells og gjera masteren feit, må vita.


Det er dét som er so gildt med masterstudiet: Du er fri til å skipa tidi di som du vil. Du kann arbeida kvar du vil, når du vil. Til dømes her, når det er faddervikebaluba på Dragvoll. Her er god arbeidsro. Inkje verdsvev, ingen ærend på bibliotek eller instituttkontor, ingen avtalar eller møte, ingen andre å taka umsyn til. Tarv ikkje klokka eingong. Berre eit stort kjøkenbord med utsyn mot vatn, skog og fjell, og på bordet ligg ein liten varde av lærde bøker. Masteren vart fulla ikkje reint feit, men drjugare vart han. Og so totte eg mest som at eg fekk tenkt meir, eller, eg fekk tenkt lengre. Det var som eg tenkte i lange, beine linor, i staden for i småe, stutte stykke


Det må vera denne friske fjellufti. 


Dessutan er det ikkje heilt sant at eg var kav åleine. Her var liv og låt på alle sidor. Stundom kom det reinsdyr til tuns. Dei gjekk og åt og meig og dreit, og eg, som helst gjeng berrføtt, laut moka klinkekuledrit frå steinhellone. Ein dag såg eg ein ørliten, mørkebrun reinsdyrkalv som stod sleikte regnvatn frå utebordet. Då vart eg reint verpesjuk! Elles hev eg set både fuglar og fisk og flugor, for ikkje å gløyma harepusen som brådt sat i tunet ein dag. Jau, og ved veslehuset hev mauren laga seg ein diger stig - mest som ein ti-felts motorveg å rekna. Eg plar sitja med med opi dyrr og fylgja med på alt som ber til i maurgata framfyre meg. Dei held på stødt. Dei er uppe når eg vaknar, og uppe når eg sovnar. Dei fer fram i ei rasande fart, men når kjøldi kjem og det nærmar seg null grader, då kryp dei so seint og stivt at dei mest ikkje er til å kjenna att.


Eg møtte nokre knott òg, men dei etlar eg ikkje skriva stort um.


Ja, det var eit gildt upphald. Éin dag var lufti so still og mild og tindrande klår at eg ikkje visste kvar eg skulde gjera av meg. Aasmund O. Vinje skreiv: "Her er so vænt, det kann meg grøta", og det vart umkvædet mitt den dagen. Det må vera greidt å lata seg hugtaka heilt burt i veggjene stundomtil. 


Vonleg skal eg attende hit til postkortet uti september. Til sprakande, illraudt lauv, morgontåka og krutsterk kokekaffi. Ho-hoi!


7 kommentarer:

Zeugma sa...

Fy søren, du er heldig.

Eg skulle, men koma aldri så langt, kommentera posten din om kjønn og slikt som du la ut for eit par månader sidan. Verkeleg fin, var han. Takk for at du skreiv det du skreiv.

fridtun sa...

Åh, ein dobbeltkommentar! Takk. Det er vanskelegt å skulla skriva noko vitugt um slikt, for di meir eg tenkjer på det og freistar reida det ut, di meir fløkjer det seg i hop. Godt å sjå at du fekk meining i det.

-kf

Line sa...

Jeg drømte meg helt bort i innlegget ditt! For et fantastisk sted... Jeg er så enig i at det er deilig å komme seg vekk på den måten. Til neste uke skal jeg gjøre det samme.

Hytta mi - som jeg gleder meg!

fridtun sa...

Ja, det er både godt og underlegt og lærerikt å vera heilt åleine slik. Då er me liksom i lag med oss sjølve på ein annan måte. Å føra lange samtalar med seg sjølv, midt ut i tome lufti, det er rare greidor.

Eg vonar du fær ein skikkeleg fri og oppfriskande tur!

André sa...

JA.

Ina sa...

Det som han sa.

fridtun sa...

Å, eg ELSKAR dykk! Ein gong skal eg taka med dykk alle saman inn i postkortet. DÅ vert det storgilde saker, då!