søndag 9. september 2007

Nedovervatnet & eg

Jauda. Vêret. Vêret, denne kringsetjande tilstanden i atmosfæren som mennesket yndar å røda om. Dette mest frekvente samtaleemnet som ikkje er til å koma ifrå (korkje replikkane eller fenomenet). Sjølv på universitetet lærer me at vêret, jau, det er noko alle kan seia litt av kvart om, det er eit ufarleg tema som er godt eigna til bli-kjent-konversasjonar. Joggu. På morssida mi er vêret so godt som alfa og omega for dagskvaliteten. Godt vêr = god dag. Noko forenkla, givetvis. Farsan vert litt vreid av slikt vêrsnakk. Eg held med han. So kvifor byrja eit innlegg med vêrdrøftingar? Jau: eg har ei oppleving som botnar i eit vêrfenomen.

Regnet.

Regn og dikt, faktisk.

Det er ein god samansetnad. Og me er heller mange som har lesi "Hestene står i regnet" av Astrid Hjertenæs Andersen. For eventuelt nye lesarar (av diktet) skal eg sitera nokre sentrale liner, heile sistestrofa:

Slik som hester står i regnet,
lutende, med våte flanker,
og lar duft av muld og væte
drive sterkt og søtt i sinnet,
vil jeg stå og bare være
og la himmel-yret falle,
inntil tanken fri for feber
følger drømmene til klarhet
i en steil og stille ro.

Det følgjande er ei hending frå fredag, vekedagen over alle vekedagar, og Fridtun (som fortel meir enn ho teiknar) var på veg heim frå skulen. Eg hadde nett gått over den nybygde brua ved Voll gard. Nokre minutt tidlegare hadde eg sendt av stad ei tekstmelding til kärleken og openberra mi ekstatiske glede ved heimturar i mjukt regn sameina med haustmelankolsk kent-song i øyro. Eg gjekk for meg sjølv og smilte, slik eg gjer jamt og samt. Og eg gjekk over brua (ikkje brura, ho er omtalt i eit innlegg nedanfor), då eg brått laut stogga. Hadde det vori vinter og snø hadde eg stått fastfrosen i mine eigne spor, men på fredag var det berre grus under føtene, ikkje eit skarve frostlag eingong. Men like fullt; eg stogga. Og stod. Av di nokon andre stod.

Visst!

Det var hestane. Hestane på Voll gard. For ei veke sidan stod Helene Harefrøken (iført mine heite Swix-klede, me hadde förstås vori på springmarsj) og klappa desse digre hovdyra, av di det visstnok luktar so godt av nævan etterpå (og det gjer då det). Men det var førre veke. Denne gongen var eg åleine. Hestane var tre. Og dei stod. Og stod. Og eg. Stod. Det vil seia, eg såg at dei stod føre eg stogga. Eg tenkte, med diktet i minne, at: "Jøss, dei står faktisk dønn stille". So drog eg ut øyrepluggane (ja, eg er av denne fæle generasjonen som ofte må ha ei form for ljod i huggu). Deretter tenkte eg: "Lurer på korleis det er å berre gje faen i alt anna og berre stå." (ikkje faen som i at eg har noko å vera harm for, men heller som at eg slepper alt eg har i hendene og hovudet og lèt verda ta seg fram åleine litt). Og stå. Eller: berre vera. Fyrst stogga eg og stod. Med hendene djupt nedi bukselommene og hetta over hovudet. Og hestane og eg vart eit me. Særri. Eg & dei. Lufta mellom oss var i stadig vertikal rørsle, det højla, mildt sagt, men me stod. Alle andre sprang forbi og masa og tjasa og bala med bråkete regnjakker og viltre paraplyar, dei fanst liksom berre ein stad langt utanfor hestane og vatnet og meg, som skuggar, dei vart tekne av regnet medan hestane og eg var på lag. På lag med regnet. Visste desse andre i det heile kva dei gjekk glipp av? Har dei nokon gong prøvd å stå stille, i regnet, med tre hestar?

Bestemor ville sagt "fysj og fy for eit vêr".
Fridtun hadde so avgjord ei inni-beinmargen-god haustoppleving av det sjeldne slaget.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Sludder! Er det noe du gjør, er det nettopp å tegne! Og med hvilken nydelig pensel du gjør det. Jeg blir nødt til å lese saktere enn jeg pleier, for å la det kile og kose med hjernen og hjertet, for de setter sånn pris på det du tegner, og da føles det også så godt etterpå. Jeg er glad du lager blogg.
Detta er kanskje ikke så mye en kommentar til innlegget ditt, men skryt bør uansett formidles om det er berettiga. Det lærer vi på pedagogikk.

Anonym sa...

Det var ikkje meininga å vera sludrete :)
Men takk for ros -- åå, eg blir heilt fortumla over so mykje fint, til meg, på éin gong!

:D

(og eg er dønn ærleg når eg seier at eg er ufatteleg inspirert av din eigen blogg, mister Reite, så'ru veit'e!)

Engeline sa...

En får faktisk lyst til å forlate den trygge innendørs sengekanten for å besøke hestene på voll. Tror heldigvis dette er en lyst som går over, for jeg foretrekker å være tørr på føttene. Så kan jeg heller lese dine opplevelser, for som André så pent forteller - en kan lukte, høre og se bildene du beskriver.

Anonym sa...

Eg blir glad.
Eg blir varm.
Eg blir kry!
Og ikkje so lite blyg heller.

André og Ellinor, de er so fine at eg hadde vorti glad same kva de kom med slags respons. Det er ei sanning frå det inste inste i Fridtun-sjela. So dette er jo bursdag og jolekveld og sumarferie i éin jafs!

Eg takkar vent for rosen og gler meg høgt og langt over å kjenna dykk!