lørdag 6. februar 2016

liggja i midten

Folk som er mykje saman, til dømes ektemakar og huslydar, fær stundom eit eige stammespråk. Dei lagar og tek i bruk visse ord og ordlag som folk utanfrå slit med å tolka. Slik er det i alle fall i heimen til husmori og frua, millom anna av di husmori hev fenge ei innføring i denne ordlista. Men dei tvo luringane hev òg eigne ordlag i ermet. Til dømes «liggja i midten».

Med «liggja i midten» meiner dei 'liggja i midten i ektesengi'. Men saki er ikkje at ein av dei tvo skal liggja i midten. Hå nei, her er det tale um at ein tridjeperson skal få liggja i midten i ektesengi. Som de vel skynar, er ikkje dette bokstavleg meint. Lika vel er det eit svært praktisk ordlag.

Tenk deg til dømes at du sit og ser på ein film, og so tykkjer du at ein av personane i filmen er sers fin, søt, tiltrekkjande, triveleg eller liknande. Dersom du er saman/gift med ein person som ikkje vert svartsjuk i hytt og vêr, kann det henda at du vil letta hjartat og fortelja um denne vesle og heilt ufårlege hugtakingi. I staden for å byrja med ei lang utgreiding der du lyt leita etter høvelege adjektiv og so frametter, held det å segja: «Ho kann få liggja i midten.»

Stundom er husmori og frua samde um kven som kann få liggja i midten, stundom ikkje. Husfreden vert ikkje skipla av slikt. Men dei tvo er no vortne so vane med ordlaget «liggja i midten» at dei radt nyttar det utan at konsentrasjonen er påkopla. Då gjeng det heilt gale.

Ein sein januarkveld skulde husmori fortelja nettnerden at ho, etter nokre rundar i tenkjeboksen, var komi fram til at Game of thrones-figuren Daenerys Targaryen («the mother of dragons») kunde få liggja i midten. Men då husmori opna munnen og tok til å tala, sa ho ikkje at drakemori kunde få liggja der. Tunga køyrde sitt eige laup, so husmori sa:

«Du ... Je syns kanskje at dronningmora ska få ligga i midten.»

Nettnerden skratta so hjarteleg at det var ei frygd å høyra. Drottningmori! Husmori og nerden hev ikkje noko imot det britiske kongehuset, men å ha drottning Elizabeth (fødd 1900) imillom seg i sengi er dei ikkje ovhuga på.


Men drakemori er godkjend.





2 kommentarer:

Anonym sa...

Dronningmora går fint!Ho var berre blid, og fint kledd i pastellfarga,flagrande gevantar.Men dottera får ikkje koma opp i mi seng!Anonym mor/svigermor

fridtun sa...

Haha, ja, det er sant. Om me måtte velja, hadde me òg teke mori!