søndag 24. januar 2016

flyging

Ja ja, so vart eg atter påmint dei gamle idrottslege bragdene mine, då «Mesternes mester» synte gamle upptak av Sagen og den unge husmori kunde skimtast nede i bilætkanten. So då kasta ho seg yver arkivet og fann nokre gamle blinkskot som husmorfaren knipsa. Det gjorde godt å sjå litt kvitt, sidan all snjoen her rann burt på fredag og laurdag.


Rena 2003


Saalfelden (Austerrike) 2003



Dei som hev nervar til det, bør dessutan sjå denne snutten: verdsrekord i skihopp med hjelmkamera.



2 kommentarer:

Anonym sa...

Anonym mor har no vore med i svevet både framlengs og baklengs.Det var absolutt verst baklengs!Men det er vel ikkje så ofte hopparane får den utkikksen og opplevinga??Då må det ha gått aldeles gale i ovarennet...

Anonym sa...

Eg veit! Sjølv hev eg aldri havt slik utkikks. Det finst døme på at folk hev falle i tillaupet og rasa nedetter, og som soleis hev havt høve til å sjå i galen retning, men det hev ikkje vorte so lange svev av slikt. Fylgjeleg er det best for alle partar og sjå frametter!