mandag 9. februar 2015

direkte inne frå Elverum, februar 1425

Skal tru kva dei sysla med i heimbygdi mi (eller heimbyen, då) for drjugt 500 år sidan? Slikt undrast eg stundom på, og hin dagen gjorde eg nokre søk i Diplomatarium Norvegicum.

Det var ikkje mykje eg fann, men 27. februar 1425 hende det noko! Tvo karar, Einar Andirsson og Ewind Alfsson, kunngjer at Jon Gudmundzson gav Holmstein Gudleifsson styringi yver eigedomane sine i Jämtland, og at Holmstein skal krevja inn arven etter syster hans Jon. Ikkje blant dei mest spanande brevi i diplomatariet, men det er då noko.

Eg set ikkje um stykket, men det er greidt å vita at Elverum i eldre tid heitte Alfarheim ("Elveheim"), upphavleg eit gardsnamn. Då snurrar me brev!

Þæt see ollum godhum monnum kunnikt at mit Einar Andirsson ok Ewind Alfsson warom j prestagardhin j Alfuareim tisdaghin næst æfter Peters mæssa aarom æfter guz byrd mo. cdo. xxv saghom ok hørdhom a handerband þæira af eine halfuo Jon Gudmundzson æn af annare Holmstein Gudleifsson kændis þa fyrnæmpde Jon med sama handerband at han gaf Holmstene ader næmpdom sit fult vmbod ofuer sina jærdher j Jæmptoland ok þen arf sem honum bør med retto æfter sina syster at søkia ok følghia loghlica til þæs han siælfuer þit komer, skal ek ok alt þæt halla sem han loghlica gør j þesso mino vmbudhi til sanninda hær vm sattom mit okker insigle firir þætta bref er gort war a deghi ok are sem fyr siger.


5 kommentarer:

Anonym sa...

nesten vossamaol detta!Eller ein vossing som er halvt islandsk.
anonym svigermor (med mor som har vore på island)

fridtun sa...

Ja, det hev eg høyrt um! Islandsturen, meiner eg. Anonym ektemake hev til dømes nemnt noko med ein morosam penn med IcelandAir-fly inni.

Anonym sa...

Peters mæssa eller Peder stol, godt å få påminningar! 22.februar skal tanto kasta varme steinar uti snjoen for å hjelpa til med smeltinga. Tanto og mange med henne(?) reknar dette for fyrste vårdagen. Å hei, og hi, og tiriliti!

Anonym sa...

Og dagen før Peder stol er det fleire kjende personar som har åremålsdag!Anonyme og offetlege!

fridtun sa...

Ja! Det er ikkje måte på kor mange merkedagar som hev klumpa seg saman ved det leitet. 22. februar er anonym husmorbloggar hjå mor og far - og vonleg kann ho renna på skidor i skogen.