lørdag 24. januar 2015

jolesongar heilt til påske?

Då er me direkte inne frå Salhus rit- og raspeballstova, der husmori skal dryfta eit dagnært og viktugt emne: Kor lang tid etter jolaftan kann/bør ein syngja jolesongar?

Spursmålet dukka fram tidlegare i vika, då husmori heilt ut or inkje sette i med «Hei, tomtegubbar». Slik hev det vore heilt sidan jol, ho hev sunge og nynna jolesongar i eit bankande køyr. Alt frå gamle salmar til songar av meir verdsleg slag hev fylt heimen. Husmori undrast på kva grunnen kann vera. Song ho for lite i joli og (umedvite) prøver å taka det att no på nyåret? Eller er det berre so at jolestemningi sat serskilt godt i denne gongen?

Truleg fær me aldri svaret, men nettnerden kann stadfesta at det er mykje syngjing elles i året òg. Som ho plar segja: «Det kjem so mykje rart frå deg!» Husmori segjer seg samd i det, serleg når ho dreg til med popsongar frå 90-talet. Denne hugen til å brjota ut i song er truleg ein arv frå morssida.

Meir uvisst er det med trongen til å syngja ymse instrument når ektemakane spelar plator husmori kjenner godt. I tillegg til teksti vert gjerne tonar frå gitar, piano og endåtil slagverk sungne eller på andre måtar framborne munnleg/kroppsleg. Husmori hev òg ei onnor gjerd, som kjem for dagen når dei spelar kjende plator: Når éin song er endt, byrjar ho ofta å nynna introen på næste song fyrr songen hev byrja. Nettnerden finn ein viss hugnad i dette, men kann henda er det litt harme innblanda òg. I alle fall likar nerden å forvirra husmori ved å setja platespelaren på «shuffle», so songane kjem i vilkorleg fylgd!

Men hovudspursmålet var og er: Kor lang tid etter jolaftan kann/bør ein syngja jolesongar?

4 kommentarer:

Anonym sa...

Jola varer til påske, så berre syng! Anonym tanta nyttar ein variant av "hei tomtegubbar" i kroppsøving med 1.klassingane heile året, songen fungerer like godt i mai som i desember.

fridtun sa...

Det var godt å høyra! Eg ser levande fyre meg at tomtegubbe-songen høver til kroppsøving. Det er plent so eg må upp og hoppa og trampa berre ved tanken.

Anonym sa...

Du kan og reflektera over kor lang tid før jolaftan det er lurt å byrja øva.Det er godt å vera budd.-Kjenner meg att i syngjing av komp/instrument:hjå meg kjem stort sett andre- eller tredjestemma fram,samt tromming på kne/lår.Likar godt trommesoloar!Anonym svigermor

fridtun sa...

Ja! Det er utan tvil viktugt å vera godt budd. Trommesoloar er sers gildt. Hege og eg hev eit trommesett heime hjå mor og far, som eg stundom slær litt på. Men eg er best når eg spelar på knei eller bordplata eller rett og slett i lufta.