søndag 9. november 2014

kos med dyr

I eit intervju i tidsskriftet Bokvennen (2/2014) segjer Tor Åge Bringsværd: 

«Jeg nærer en dyp mistro til mennesker som ikke vil vedkjenne seg sin barndoms kosedyr.»

Her i huset hev me inkje imot å vedkjenna oss vår barndoms kosedyr, som jamvel er vår vaksendoms kosedyr. (Døme på vaksen bruk av kosedyr: å ha det i bukselumma på eksamen ved universitetet.) Me kunngjer gjerne at me hev kosedyr, at me stundom talar ved deim og at me elles hev stor gleda av selskapet deira. Det er tale um tri fine gutar: 




Frå vinstre: Pelle Kanin (som underskrivne fekk då hen var tvo dagar gamal), Preben (som nettnerden såg på IKEA, syntest synd på og tok med seg), Katten (som nerden fekk då ho var temmeleg nyfødd). Her ligg dei på turkestativet ute i stova, av di Pelle just hev lauga seg.
Til vanleg vaktar dei sengi, då ligg Pelle og Katten i munnen på Preben.

Me vil elles nytta høvet til å senda ei stor takk til alle mødrer som upp gjennom tidi hev vølt og lappa saman tallause kosedyr!


2 kommentarer:

Anonym sa...

Vel nytta tid,ser eg! Og så kjekt at alle vil vera i lag med Pelle medan han turkar seg!Kva hadde han ramla oppi sidan han laut bada?
Anonym svigermor

fridtun sa...

Eg skulde gjerne sagt at Pelle hadde ramla oppi noko, men i røyndi var det fint lite action å spora. Eg trur det heile gjekk til slik:

Husmori: "No treng Pelle ein vask snart. Han hev ikkje lauga på år og dag."
Nerden: "Mhm."

Og brådt var ho i gang med vasken! Ho hadde noko anna som skulde vaskast i bytta, so han fekk vera med. (For det er IKKJE lov til å vaska honom i maskin!)