søndag 2. november 2014

haustinteriør med K & I (bonusmateriale)

Nettnerden lagde i går ut eit innlegg um dei nye hyllone våre. Lat det fyrst vera sagt at eg stiller meg fullt og heilt bak formi og innehaldet. Endå sit eg på nokre upplysningar som hev vore undanteke ålmenta - til no. 

For det fyrste: Nettnerden fekk mellombìlse mein etter ho sette saman hyllone. (Det var ho som tok seg av det, må vita. Reven er trehendt og sat dessutan med viktugt skrivearbeid.) Ho vart beint fram styrd [støL] i låri, rauvi, nakken og noko i ryggen. No kann de venda inn: Reven skulde hjelpt til, ikkje sete der med krotet sitt! Nei: Der og då var det uråd å vita at verksemdi skulde få slike fylgjor. Dessutan hadde korkje bøn, tvang, smeik eller ville hestar greidt å venda nettnerden frå uppgåva. Det er reine meditasjonen, fær me vita. Eller god avkopling, då. Etter det siste me hev høyrt um saki, er likamen noko betre i dag.  

For det andre: Det gjekk ikkje ljodlaust til. Det var hamring, dessutan var det (for å segja det med Vazelina Bilopphøggers) musikk tel ærbe: ein kasett med Tone Hulbækmo. Allsong til telebondemannen, so godt det lét seg gjera. 

For det tridje: Det er rett at nettnerden stundom uroar reven i skrivearbeidet (jf. legofigurane). Lika fullt pliktar eg å upplysa dykk um at det motsette òg er tilfellet. Til dømes hender det tidt at reven smett inn frå sida just i det nerden skal setja tennene i eit knekkbraud eller sutlar med te. Slike uromoment lyt ein plent rekna med.

*

5 kommentarer:

Anonym sa...

Har no lese 2 interiørblogginnlegg,og er oppglødd og fornøgd.trong til samansetjing av ikeamøblar har nettnerden etter mor si som har mekka ihop 1,5 kjøkken,1/2 bad og tallause småsnacks.snart skal ho i gang med kjøkken nr.3.i dag greide ho tilogmed ein lampe!åleine!til musikk av p eit eller anna tal,mykje bra 60 og 70tal.anonym svigermor

fridtun sa...

So det ligg i blodet, ja, det var det eg tenkte. Til lukka med lampa! Eg er best i bering og vasking og kaffikoking. Og so hev eg noko røynsla med beising av hus.

Anonym sa...

Eg noterer meg det siste:Beising av hus(hytte).Det kan verta høve til praktisering av beising i 1100m høgd til sommaren,i kombinasjon med bering ,kaffikoking og oppvask i balje. Anonym svigermor

fridtun sa...

Noterer meg at anonym svigermor noterer seg beising av hus/hytta. :)

Anonym sa...

Ein vert beintfram mest god att i brotne arm av å lesa slike oppbyggjelege tekstar