fredag 14. februar 2014

sjåarminne frå OL-hopprennet 11.02.14*

* Husmori såg rennet i upptak 12.02.14, for på sjølve rennkvelden var ho på Litteraturhuset i Bjørgvin og preika ordsoga. Men ho greidde verja seg frå nettaviser og fjasbok og alt som kunde ha røpt endskapen for henne, so spaningi var stor då ho sette seg til og skulde sjå førkjone fljuga! No er me so sæle at ho vil leggja fram nokre brot frå medvitsstraumen sin, sumt av det som fauk igjenom skallen medan ho sat og såg på.

... so glade dei er! her kjem dei ein etter ein ålvorsame og hugfaste på bommen, i ovanrennet, i lufti, i landingi, men på sletta renn dei yver av frygd, ålvora brest og løyser seg upp i breide smil og lette rørslor hoi! der kjem Gyda, no lyt du klinka til, eg minnest fyrste gongen eg såg deg, du var fem år og hadde lilla dress, trur eg, far din sleppte deg utfyre veslebakken og du sat ihopkrøkt som ein ball heile vegen ned, og so rett upp att og hoppa meir ... ja, det der gjekk no tolleg bra, so kjem Lindsey! so tidleg? du er radt ikkje heilt i gamalt slag, då, det er mestsom eg trefte deg i går, endå det var i 2011, etter eit renn i Granåsen og du og Jessica og Coline vilde ut og drikka øl, Coline var berre femtan, for pokker! hadde lånt legget til Jacqueline, men steike ho var frisk og morosam, og vinteren 2002 då de ikkje kunde fljuga heim til statane på grunn av ufreden med Irak og de måtte bu heime hjå oss i mange dagar, og medan eg var på skulen, fauk de Elverum rundt på spark, ja, de kom no innum skulen òg, sat i klasseromet og gutane totte Jess var so snygg, og de var med til Rena på trening, de lika bakken, eg òg, han var kvass og fin, no kjem det berre slike eg ikkje kjenner, smårips, men dei er gode, alle er gode! eg hadde ikkje havt ein sjanse i havet slik eg hoppa, dei eg var jamgode med, som ho der Maja Vtic, me var jamne stødt, no hoppar ho heilt annarleis, er heilt der uppe ... Maren! deg kjenner eg ikkje, men du talar totenmål, bra, og det er'kje mange som hoppar finare enn du, kul dress, det vert rart um nokre år, når eg ikkje kjenner nokon av dei som hoppar, men det er fint å ha vore ein del av det, no dreg det seg til, Coline var bra, so kjem Daniela, eg vil du skal vinna! du er ein av veteranane, det vøre fortent um du vann, og so er du skeiv, enn um eg hadde visst dét då eg hoppa, eg trudde eg var den einaste, no er det jamt i toppen! Vogt i leidingi etter fyrste, det var litt uventa hm hm hm fanden at Sagen ikkje er med, liksom urettvist, endå idrotten er og skal vera slik, at resultati tel ... so er me i gang att, eg fær tresmak i rauva av denne stolen, men no sit eg her, det er so spanande! endå det hende i går, det er berre eit upptak eg ser og neimen er det fåe som set gode nedslag, ikkje at eg skal segja noko, eg sette juksenedslag sjølv, Maren kliv upp på lista, vonar ho vert millom dei ti beste, ja då! no vert ho dårlegast nummer 8, og so, fy fasan so spent, hjartat sprett i bringa, 104,5 meter på Daniela! aiaiai, ho vert vondt å slå, halvmiss for Insam, ho er stødt lika blid, ho, halvmiss på Takanashi, blid, ho òg, so er det Coline, du skal på pallen, høyrer du, jaddå! inn på andre, fy fasan, éin hoppar att, Daniela stend nedpå sletta og skjelv, andblæst, tenk om ho vinn, berre Vogt att, ho hev aldri vunne noko, ho, og no sit ho att som siste hoppar i OL-rennet, det er ei hard røyning, ooo det vert jamt, jamt jamt! fytti ... so skal dei visa hoppet i sakte film, ja, her skal dei halda oss på pinebenken ... det vart Vogt! ho vann! og ho græt, og dett i hop i snøen og græt med Ulrike og dei hine yver seg, og græt og græt, og Daniela er nøgd, og Coline er i alle fall nøgd, og no kjenner eg jaggu tårebekken sildra her òg.



4 kommentarer:

Engeline sa...

Dette er det beste OLinnlegget jeg har lest.

Når jeg ser dette på TV, ser jeg bare fremmede ansikter og like drakter. Og det er en kjempeseier at de får hoppe i det hele tatt, men med mitt fraværende konkurranseinstinkt og mangelfulle kjennskap til hoppidrett har jeg litt vanskelig for å la meg rive med av det som skjer på skjermen. Når det presenteres gjennom tankestrømmen din, derimot... Det er nesten så jeg blir på gråten nåt Vogt vinner.

fridtun sa...

Å, takk, finaste du!

Konkurranseinstinktet mitt er heller ikkje noko å skryta av, det var vel difor det aldri vart nokon storhoppar av meg. Sant å segja lika eg det sosiale best, det var veldig uvant å ha mange hopparar å henga med - heime var eg einaste gjenta, og gutane tala eg sjeldan med.

Ja, det var utruleg fint å sjå Vogt vinna. Ho er for ung til at eg hev noko kjennskap til henne, men berre det at ho aldri hev vunne fyrr, og so vinn i OL ... sterkt!

Anonym sa...

Nydeleg skildra,kristin! Tenkte eg skulle senda ei melding og gratulera med dagen den 11. men var redd du ikkje fekk sjå rennet på PCen din..Men du skal vita me tenkte på deg og jentene!Anonym kjærastmor

fridtun sa...

Hjarteleg takk, anonym kjærastmor, kjekt å høyra at de tenkte på meg og jintutt'n! No sit me og ser karane hoppa i storbakken. Det må verta det næste for kvinnone: OL-renn i stor bakke.