torsdag 6. februar 2014

fridtun (hus)morar seg: kjendisnytt

Saki er radt kjend for flestalle no, men for ei hardtarbeidande husmor som ikkje hev Twitter, sjeldan er på Facebook, aldri er på vg.no og anna i den gata, hender det at sume nyhende kjem seint fram, um dei kjem i  det heile. Det liver ho godt med, men stundom kjem ho burti kjendisnytt som kveikjer hugen. Til dømes:

Den svenske skodespelaren Nour El-Refai terga mange då ho, som programleidar for ein delfinale i Melodifestivalen, kom til å lyfta armane og dermed røpte at ho ikkje rakar armhòlone sine. Sume sagde at dei helst vilde sleppa å sjå slikt i beste sendetid. Då ho seinare vart beden um å svara på lastordi mot armhòlehåret, sagde ho:

«Det växer ut där. Det var inte jag som kom på det. Det är evolutionen.»

Haha! Ja, og håri er der for ein grunn, kann husmori fortelja. Til dømes hev ho aldri vore so klam og rar under armane som dei åri ho raka håri. So veit de det.

(Korleis husmori kom burti denne saki? Det utifrå friske vevritet til Marta Breen.)


2 kommentarer:

Simon sa...

Flott replikk av El-Rafai! :-D

Fråvær frå vg.no gjer du heilt rett i. Aldri kjenner eg meg så lite opplyst som etter eit nattskift på jobb der eg har konsumert heile vg.no-framsida for å døyva stilla i daudtida...

Men det hender seg at me pratar om deg på Twitter bak ryggen din: https://twitter.com/search?q=kristin%20fridtun&src=typd&f=realtime

fridtun sa...

Du store mi tid! Den sida hadde eg aldri funne fram til sjølv. Takk for innsyni (men eg vert ikkje twitrar/kvitrar av den grunn, då).

God kveld i stova! Og kjekt at du framleis stikk innum her stundom.