mandag 10. juni 2013

fridtun (hus)morar seg – bolk 2

Vyrde lesarar! Den heimeskrivande husmori hev havt gode grunnar til å drygja litt med bolk 2 i denne spanande serien som ingen les utan å få merke av honom. Ho var nemleg burte frå heimen mest heile fyrre vika. Frå tysdag til laurdag fekk ho lufta seg med Nynorskstafetten, og då segjer det seg sjølv at lo lagde meir vinn på å skriva innlegg på stafettbloggen en å spinna i hop skrønor um kva som bar til i den heimen ho ikkje var til stades i. Men no er ho trygt attende i ritstova si, og ho minnest med gleda (dei annsame) dagane i Sveio, Haugesund, Vindafjord og Etne/Skånevik. Vel å merka hev ho ikkje havt høve til skriva so mykje just i dag, endå det er syknedag, av di ei kvinna frå NRK P2 vitja heimen og vilde tala um det undersame faktum at husmori ikkje berre er husmor, men jamvel husfar. Her held me lika fullt fast ved nemningi husmor, for husmoring er då visseleg gildare en husfaring, kva no dét måtte vera. Vel, røl til sides: Me er komne til andre bolken i soga um fridtun som (hus)morar seg, der lesarane fær ein glytt inn i verdi til den heimeskrivande.

Bolk 2: Innreidnad

Det er vida kjent at Iver Andreas Aasen er ein høgt elska mann i heimen vår. Kvar einaste dag den heimeskrivande husmori er heimeverande, ser ho djupt inn i augo til denne vyrdelege sunnmøringen og kjenner varmen breida seg i bringa. Det hev seg so at han heng på kjøleskåpet, der han er hugsamt kringsett og pryda med tysk kjøleskåpspoesi.




Me kann elles kyta av å hava ei bokhylla som mange berre kann drøyma um: Billy Limited Edition. Ei frygd for auga! Sjå serskilt kor godt årgangane av Syn og Segn (og ymse andre tidsskrift) høver til den friske fargen. Ja, det hender me slepper alt me hev i hendene og stend gapande i ovundring framfyre dette makelause kunstverket.



 
So skal de få sjå at sambuarane ikkje søv åleine i sengi si. Nei, då tenkjer eg ikkje på smådyri som liver i sengklædi, eller kreki som jamt kryp inn opne glas og andre glipor, men på dei tri luringane som hev vore til trøyst og gleda for oss i gode og vonde dagar i barne- og ungdomsåri. Storvaksne Preben (skrukketrollet) ber dei tvo minste, Pelle Kanin og katten, varsamt i munnen. (Hin dagen fann husmori forresten eit rettelegt skrukketroll på kjøkengolvet. Til alt hell var det munaleg mindre en Preben.)



 
Og endeleg: dei tvo stolane i stova. Me hev ikkje sofa enno, ser de, men desse stolane tener oss trufast og godt. Det feite kattadròget som bur i same hus som oss, greidde ved eit høve å laga ei liti rift i trekket på den vesle stolen til høgre, av di han grafsar so styrlaust med klørne når han kosar seg, men burtearbeidande lærar bøtte skaden fyrr han fekk veksa seg større. (Heimeskrivande husmor veit ikkje so mykje um arbeid med nål og tråd, men det skal ho jaggu få læra, segjer frøken.)




Um de no sit med spursmål av ymse slag, eller um de treng fleire råd um korleis de kann skapa ein smakfull heim som osar av sjel og varme, er det berre å taka tastaturet fatt.


6 kommentarer:

Anonym sa...

Eg er djupt og tungt imponert over siste innlegg!Sidan det no,innimellom,er sommar,har eg hatt auga på dei friske og fargerike innslaga i heimen dykkar!Sjå kor fint "Syn og segn"-blada matchar putene i stolane!Limegrønt og oransje både her og der!Eg vart vidare svært interessert i korhen det nye Aasen-biletet er havna?Det vart kanhende ei utfordring med alt det turkise??-Som mor,både anonym og bokstaveleg,vart eg rørt til tårer av kosedyra,for ikkje å snakka om dei 2 trauste gamle stolane som står så fint attmed kvarandre og berre er trygge og fine!

fridtun sa...

Vyrde anonyme og bokstavlege mor! Denne kommentaren frå deg gjeng lett og fint opp på pallen (yver gilde tilbakemeldingar eg hev fenge dei fem-seks åri eg hev blogga. Hm, kann eg ha sagt noko liknande um ein annan kommentar frå deg? Ikkje usannsynlegt.) No vel, Aasen-bilætet heng ein halvmeter til høgre for den vesle, gule stolen. Mogleg det kjem foto etter kvart. Ja, kosedyri måtte sjølvsagt vera med (truleg skal dei vera med på hyttetur i Femundsmarki òg).

God kveld!

Anonym sa...

Er på det noverande tidspunkt spent på om det kjem blogginnlegg frå hytta?Ser det er populæt i den glansa vekelitteraturen for tida.
"Fridtun hyttemorar seg"? "Hyttefrid"? "Frid i hyttetunet"? Underteikna anonyme kjærastmor ventar i spaning og ynskjer riktig god ferie!

fridtun sa...

Å, eg skal freista å få til dét, må vita! No vart det brådt litt uvisst kva tid eg/me kjem oss upp dit, men det kjem, det kjem.

I millomtidi kann du hyggja deg med dette hyttestykket frå sumaren 2010: http://fridtun.blogspot.no/2010/08/tur-gutun-og-andre-dyreforteljingar.html. Og so såg eg no at i kommentarfeltet der hev eg skildra anonym dotter som "eit hjartegodt menneske med eit storfelt vossamål på tunga". Det er sant og visst!


Zeugma sa...

Det var ikkje noko bilete av katten, men det går bra når eg fekk sjå skrukketrollet. Hutte tu – eg veit ikkje om eg ville delt seng med ein slik ein.

Elles liker eg at du har ein husmorblogg og ein profesjonell blogg på si. Dei er fine, på kvar sitt vis.

fridtun sa...

Å! Ida er i full gang med å fanga kattedrògi med kameraet sitt (eller var det fyre sumaren), so det kjem fulla eit rikt katteinnlegg etter kvart. Du fær halda ut!