mandag 27. mai 2013

Fridtun (hus)morar seg

I  eit innlegg i januar ymta eg um at eg skulde taka til med husmorblogging so snart eg hadde sett bu i Bjørgvin. No hev eg butt her i drjugt tvo månader utan å skriva noko i den leidi, so den lovnaden hev eg brote til gagns. Vel å merka hev eg ikkje gløymt det, berre skove det undan, truleg av di eg undrast på korleis eg skulde gjera det, og av di eg meinte eg laut koma i gjenge som heimeskrivande husmor fyrr eg kunde skriva um det. Men no, endeleg, er timen komen: Den sårt etterlengta serien «Fridtun (hus)morar seg» tek til i dag.

Det borande spursmålet som heile serien dregst um, er: Kva gjer Fridtun åleine heime når Haugum er burte på arbeid? Jau, det er mangt og mykje, skal eg segja dykk, og vonleg skal serien spegla mangfaldet og – ikkje minst – dramatikken som fyller kvardagane. Tvi tvi!

Bolk 1: Heimkunnskap

Ordet heimkunnskap kunde me tolka som 'verdskunnskap', sidan det er ei gamal gjerd å nytta heimen (eller allheimen, manneheimen osb.) um verdi, men her segjer det seg sjølv at heimkunnskap er 'kunnskap um heimen til ho som (hus)morar seg'. 

I stutte drag: Heimen er kjellaren i eit trivelegt, kvitt hus som ligg fint til nede ved fjorden, eller rettare sagt: nede ved eit sterkt trafikkert fjordkryss – meir um det sidan. Her hev me alt me treng, jamvel eit eige arbeidsrom der den heimeskrivande kann herja fritt. Elles er her eit yrjande dyreliv, både inne og ute. Den heimeskrivande vert tidt umtala som rev, vesle rev, reven og dilikt, grunnen er visst nog ei lur gliming eller noko slags skin i augo. Og so hev ymse krjup med eller utan venger funne vegen inn dei siste vikone; ei av dei mest gjevande og meiningsfylte uppgåvone til heimeskrivande husmor er å varsamt føra dei småe kreki ut i friluft, helst ved hjelp av ein sokalla Arvid-lapp. Utanfyre er det kattane som råder, dei er jamnast feite dròg (av di dei ikkje skal blåsa på fjorden, gissar Haugum), men sers trivelege. Fyre helgi kom endåtil eit piggsvin på vitjing i hagen.

Når folk spyrr kvar me bur, segjer me stundom «uti gokk», «i utkanten/distriktet», «på landet» og liknande, og det er sjølvsagt heidersnemningar. Å, so stilt! So fredsamt! So grønt! De bybuarar kann berre ha det so godt.

Der, no hev de litt å tyggja på fram til neste bolk, tenkjer eg. Dessutan legg eg ut åta: Framhaldet byd på spanande turar til Kiwi-butikken, gåtefulle dunk ovanfrå, skimtar av husbunad og innreide (sokalla interiør) og ikkje minst innsyn i arbeidet til den heimeskrivande. Det er berre å bu seg.



9 kommentarer:

Anonym sa...

Å du og du kor kjekk lesnad! No fekk eg slik inspirasjon til hagebloggen min at eg lyt be Ida om gjesteplass på bloggen hennar att! Anonym kjærastmor

fridtun sa...

Moro å høyra at innlegget pirrar skrivelysti! Eg ser fram til å lesa, når den tid kjem.

Anonym sa...

Kva skulle me gjort utan Arvidlappar, seier no tanto

fridtun sa...

Just precis! Eg er på stutt tid vorti ein ihuga og trufast brukar.

Fivrelden sa...

Fin oppdatering, synes jeg. Herlig å lese. Jeg liker at dere har et arbeidsrom. Alle skulle ha det :)

fridtun sa...

Ja, arbeidsrom er det umåteleg godt å ha. Vårt er ljost og fint og passe stort, med to vindaugo som vender mot fjorden.

Fivrelden sa...

Det er jeg veldig enig i. Høres fint ut med fjordutsikt og masse lys. :) Håper det fordrer til masse skrivelyst.

Zeugma sa...

Åhoi, for ein fin serie dette vert! Eg gleder meg til innlegg om husbunad, og skulle gjerne sett bilete av dei feite kattane.

sambuaren sa...

eg kan ta på meg å dokumentera dei feite kattane! så snart eg kjem meg ut av døri i skapleg tid ein morgon - då ligg dei så fint og søv ihopkrulla under busker og i gras langsetter vegen.