mandag 15. april 2013

huggærn

I eit år eller tvo eller tri, eg minnest ikkje grant, hev eg pønska på ordet /hug:æLn/ – eit godt, morosamt ord som eg lærde tidleg i barndomen og hev nytta sidan, i staden for svimmel, ør, fortumla og dilikt. Eg hev pønska på ordet fyredi eg ikkje hev funne det att i ordbøkene, ikkje i Norsk Ordbog av vyrde Aasen eingong. No hev eg funne det. Men lat meg fyrst segja kvifor eg ikkje fann det:

Etter di hug er det gildaste ordet eg veit um, og etter di huggærn opnar med hug-, var eg yvertydd um at me her hadde eit hug-ord. Sidstelekken er -galen, det er greidt nog, det såg eg. Men so fann eg aldri noko huggalen, og so lét eg det vera med det, eg spurde ingen målkunnige, slik eg elles gjer når eg sit fast.

Men so nemnde eg det for språknerden eg bur i lag med, og ho sagde, etter å ha tenkt seg um eit kvart sekund eller mindre: «Det er vel hovudgalen?» 

Øh, ja. Det er det, veit de. Me segjer hue eller hug(g)u i den landsluten eg kjem frå. Og hovudgalen stend i ordbøkene, i ordboki til Aasen òg; han nemner jamvel målføreformi huugælen med tilvising til Smaalehnene (det svarar til Austfold i dag).

Stend ordet i Bokmålsordboka òg? Ja, då, visseleg, i fleire former: hodegal, hodegalen, huegæren, hugæren. Eg held meg nog til hovudgalen.

Men lærdomen er: Det er ikkje hug alt som hugar. Og det er ei gasta kvinna eg hev!

 

12 kommentarer:

krumeluren sa...

eg nøgdar.

Zeugma sa...

Nok eit ord å ta med seg. Mitt favoritt-hug-ord trur eg framleis må vera «hugsvaling», som du skreiv om for nokre år sidan.

(Forresten er det fint at nokon av oss held fram å blogga jamt. Det er stødt så lærerikt å lesa vevrita dine.)

fridtun sa...

Hugsvaling, ja! Eg legg vinn på å snika det inn der det høver. Hugsvalande òg, det gjer susen.

Takk for godord um ritet. Stundom er det vèl langt millom innleggi, i alle fall kjem dei ikkje so jamt som for tvo-tri år sidan, men det er godt at lesarane fylgjer med lell :)

Engeline sa...

Romantikeren meg ser så frem til dine blogginnlegg for tiden. Jeg er språkromantiker også, for all del, men allerfinest er de små referansene til vossingen din.

fridtun sa...

Ja, ho hev det med å snika seg inn! Gildt at du likar det. For det kjem til å halda fram slik, tenkjer eg.

fridtun sa...

Og forresten, no kom eg på den gongen du baud inn til filmkveld og sa at me gjerne måtte koma «+1». Eg hadde veldig lyst til det, hugsar eg.

Vonar alt er vel med deg, endå du vel er nedsylta i oppgåveskriving.

Engeline sa...

Aah, ja! Jeg drømmer nå om å skaffe meg et nytt sted, med et større kjøkken enn sist, slik at jeg kan invitere på skikkelig middag. Og da er du og din +1 invitert. (Hører du det, +1? Gi beskjed hvis du vil ha veggismat.)

fridtun sa...

Notert! Me kjem ein gong i framtidi ;)

+1 sa...

eg takkar og gler meg! og eg vil gjerne ha veggismat.

Fivrelden sa...

* Huegæren* sier man heime. Takk for lærerikt innlegg :)

fridtun sa...

Aha, huegæren! Då kjem det tydeleg fram at det er hue det gjeld :)

Fivrelden sa...

Ja, det gjør det. :)