onsdag 21. mars 2012

livskræmd

Livsførsla, er det visst noko som heiter.
Å føra livet. Kva er det for slag?

Det tykkjest meg heller vera slik, som oftast,
at det er livet som fører meg
meir en eg fører livet:

Livet -
det spring og sprett og rasar i veg,
det fyller seg upp og æser ut, rullar
av garde so det frøser og fyk - og eg
kjem halsande etter, ser berre skimten av det,
er sæl um eg greider å nappa det i halen.
Livet er so alt for snarføtt!

Men so hender det,
i einskilde blinkar, i ørsmåe stunder,
heilt stutt, når eg minst væntar det,
sjølvsagt då, heilt utan å melda frå,
so hender det at livet kjem smygande
og legg seg stilt og mjukt i hendene mine
og ser upp på meg med kjælne, trillrunde augo
og berre ligg der og ser og ser og spyrr, vonfullt:

«Kva vil du no? Kvar skal me?
Eg er med deg, eg, so du veit det.
Det er berre å bjoda. Eg lyder, eg.»

Og der sit eg, andlit til andlit med livet.
Det er ei skræmeleg kjensla. Beint fram avstyggjeleg.
Andlit til andlit med dauden - då veit me kva me vil.
Men med livet? Ai, kva gjer me då?
For ei heppa at desse blinkane er stutte,
so stutte at eg ikkje vinn gjera noko fyrr dei kverv!

Men lika fullt -
Kven skal elles føra livet
um ikkje eg gjer det sjølv?
Vel, so må eg føra livet då. Eg.
Djupnene opnar seg berre ved tanken!

For kva gjer eg, når livet ligg der i armane
og ser på meg, som ein hundekvelp?
Kann eg dressera det?
Kann eg læra det å gå jamsides med meg?


Slik stormar høgt mitt hav med skumkvit båre
og styrelaus i skrale båten stend eg.



*



10 kommentarer:

Silje W. sa...

Jeg tror jammen at du også har en liten tjuefemårskrise, Kristin. Jeg kjenner meg i alle fall igjen i hvert ord.

fridtun sa...

Ja, eg trur òg det - at det er noko med aldren.

Engeline sa...

Og der sit eg, andlit til andlit med livet.
Det er ei skræmeleg kjensla. Beint fram avstyggjeleg.

Ah. Så vakkert.

fridtun sa...

Hehe, er det ikkje noko som heiter «det stygges estetikk»? Det må vera noko slikt.

Engeline sa...

Du fanger det stygges estetikk inn med så sylspiss presisjon at det nesten gjør vondt. Disse to linjene er fantastiske. Ansikt til ansikt med livet: nett so, som du ville sagt.

fridtun sa...

Um du likar dei so godt (takk!), skal du få deim av meg i vårgåva!

Engeline sa...

Vårgave! Jeg har stor tro på vårgave. Jeg kan forære deg stjernebedotten til gjengjeld?

fridtun sa...

Hjarteleg takk! :D

Dana Jergefelt sa...

Fint skrivet Kristin! Tack för läsningen.Kram.

fridtun sa...

Å, Dana, so fint å høyra frå deg! Takk for hyggjelege ord, og god helg!