søndag 6. november 2011

etterspel

Vesle voni fór.
So tynt og tvegi var ho
at berre ei flis stod att −
og då ho endeleg slapp fri,
bori fram med reine ord,
løyste ho seg upp,
og vart eitt med lufti
du anda inn.
Det var so nær eg kom.
Og visste eg det ikkje?
Visseleg visste eg!
Og godt er det,
for vit er eit trufast vern.
Men her finst òg andre,
dulde krafter
som driv sin leik,
som piner og plågar i eino,
som ikkje hev skyn på draum og røynd,
som bit di sterkare
di meir du set deg imot.
Men eg bit ikkje på dykk lenger, hugdjevlar,
eg kjenner meinrådene no. Drag fanden i vald!


So teg still med deg, hjarta,
trur du ikkje eg veit det:
Du syng skjerande falskt.

8 kommentarer:

Engeline sa...

ååå. Elsk.

fridtun sa...

Oi - kva skal eg seia; ordknapt til deg å vera! Eg tek bodskapen. I do. :)

Zeugma sa...

Dette var så trist. Men så sant, sume gonger.

fridtun sa...

Å, nja, men du veit, voni er ein lumsk skapnad. Ho gjer som ho vil. Men eg er litt leid henne. Eg er i grunnen meir leid henne en eg er leid meg (i tydingi 'nedstemd'). So heilt gale er det ikkje.

Silje W. sa...

Isj. Jeg håpet at en klok kommentar skulle modne i meg hvis jeg ventet noen dager, men det skjedde ikke. De sier at det første man kommer på ofte er det man ender opp med til slutt, så det får bli det:

Det første jeg tenkte da jeg hadde lest ferdig var at diktningen, ordene dine, _ikke_ synger falskt, uansett hva du synes om toneleiet til hjertet ditt.

fridtun sa...

Det var då steikje meg ein hugsam merknad! Inkje er betre en å kunde gjera noko godt ut av noko ilt. Hjartat segjer takk.

H. sa...

:) Kan du skriva meg ei diktsamling?

fridtun sa...

Haha, du meiner det? Når eg vert gamal og grå, kann henda. ;)