mandag 17. oktober 2011

um einsemd i tvosamt hus

No: i Bjørgvin.
Millom ymse møte her og der,
sume i vest, sume i aust,
hev eg tvo heile dagar med berre meg og mitt.
Berre meg, berre mitt.
Ingi klokka, ingi folk, ingi uro.

Berre dette: lesa, skriva, vera ute i skogen.

Og tvo dagar er ei høveleg mengd.
Tvo dagar heilt åleine er godt, sunt, sælt.
Eit eige, fritt rom i tidi til å anda og vera i.
Tenkje lange tankar som ikkje vert avbrotne utanfrå.

So er spursmålet:
Er einsemdi best når du er heilt åleine,
eller er ho best når det finst andre som du kann
vera med, um du vil det?

T. Espedal skriv:

«Ole Roberts kone, Marit, hun sier: Han elsker å være
alene så lenge jeg er hjemme.

Det bor et langt kjærlighetsforhold i denne enkle konstateringen,
en helt særegen skjønnhet i dette utsagnet,
det bor en stor kjærlighetshistorie i denne hverdagssituasjonen;
han elsker å være alene så lenge hun er hjemme.»

(Imot naturen, s. 137)

Det er tvo ulike einsemder, dette.
Og eg trur det er glupt å røyna ut båe.
Glupt å finna ut korleis det er,
korleis ein sjølv er, i einsemd.

Men å vera åleine når andre er heime;
det er vel den einsemdi me toler best,
det er den einsemdi me kann halda ut
i mange dagar, vikor, år.

So gjeld det berre å finna den eine som gjer einsemdi tvosam.

4 kommentarer:

Unknown sa...

Eg tørkar ei lita tåre og seier: så fint! Og så sant!

Eg ynskjer deg gode dagar med deg sjølv=)

Susanne sa...

Dette var fint skrevet og veldig sant! :)

Silje W. sa...

Å, jeg gleder meg sånn til å lese Espedal! Jeg har planlagt å kjøpe den i Oslo og lese den på toget hjem.

Nå har jeg et favorittsitat fra den allerede.

fridtun sa...

De er då jaggu gode!

Silje: Eg synest ikkje denne siste boki er den beste av herr Tomas, men ho er lika fullt ei legenda ('som bør lesast') bok.