lørdag 17. september 2011

hausten heime

Etter tvo tette dagar med ymse gjeremål og møte i Bjørgvin, på Voss og i hovudstaden, vart det tid til ei ørliti kvild heime i Elverum.
Å, signe barndomshuset!
Mor og far er ute på tur, so det er vesle-veslesyster, hunden og bestemor og bestefar som steller heime. Bestefar kom og henta meg på stasjonen. Dei hev kaupt seg ein nett, liten bil med automatgir og allting. Han spurde kva eg syntest um kjerra:

Eg (snart 24): «Han var fin, denna.»
Bestefar (snart 85): «Å ja'a. Og så er det slik femårsgaranti på'n. Så da, vet du, kan det jo hende at 'n overlever meg, denna.» (humrar)
Eg (tenksam): «Ja...en sku tru det.»
Bestefar: «Men 'a Astrid syns 'n er frykteli lett på rattet, da.»

So kom me heim til det André M.R. kallar ein av dei trivelegaste institusjonane i verdi: Bæssmormædda. Attåt maten baud ho på raudvin og godt selskap. Sidan kom ein ven som vilde sjå gullrekkja med meg. Og slik gjekk kvelden.

Då eg vakna, var det rim i graset, snorking frå hundeburet, kvass og låg sol. Postkassa var stinn av laurdagsavisor, eg høyrde bestefar fyra upp i omnen nede, og snart vilde hunden ut og drita. Han er snild og rar. Og haustlufti er visseleg annarleis i skogkanten heime en på Elgesæter i Nidaros. Angen av blautt lauv på blaut asfalt kann ikkje mæla seg mot angen av blautt lauv på blaute skogsstigar.

Haust i skogen: 1
Haust i byen: 0

7 kommentarer:

Engeline sa...

Kristin: du skulle fått farge verden, hvis jeg hadde fått bestemme.

fridtun sa...

Hohoi. Det hadde vorte ei verd i grønt og gult og brunt. Eg likar dei tri. Serleg saman. Og no kjem dei med hausten!

vesle-veslesyster sa...

eg meiner me har ein slekken bra bestefar, eg! og bæssmormædda att'på, detta blei bra!

eg gler me til å sjå deg att! :)

fridtun sa...

Jøje meg! Er du her òg?! I nynorsk bunad! Tjohoi! (Takk det samme, forresten)

vesle-veslesyster sa...

ja, til og med jeg! hihi, innom i ny og ned vettu, må jeg holde meg oppdatert med storesyster vettu :)

fridtun sa...

Nussnussnussssss! Høhø. Eg vil liggja over på romet ditt (eks-mitt) neste gong eg er heime.

Susanne sa...

Det er fantastisk med høstdager i skauen. Hadde selv seks fantastiske dager heime hos mor og far. Og selv om Trondheim er fabelaktig, kan det for meg ikke måle seg med heia vår og den vesle gården. :)

Og det var en knall stemningsrapport, Kristin. Godt å lese!