lørdag 24. september 2011

cut me in quadrants

Ein serskild dag er i kjømdi.
Den dagen vert ikkje som andre dagar.
Det er 8. oktober, det er Antony Hegarty.
Å, eg kunde sagt at han er ein av «mennene i mitt liv»,
- han og Ivar Aasen og Jónsi,
dei er gromgutta,
dei er kveikjande kost på dauve dagar,
dei er sprengfulle av umsut og finkjensla og skapingstrong,
eg kann liva på luft og kjærleik til deim -
men er Antony «mann»?
Det veit ikkje eg, og det veit ikkje han heller.
Frigjerande!
Ja, so frigjerande at det mest er uppløysande.

Éi einaste haka er det
ved ljomleiken i Nidaros 8. oktober:
Björk er fulla ikkje med.
For på siste plata hans syng dei i lag,
desse tvo, tvo av dei
mest sermerkte røystene i all verdi,
i lag, på islendsk, briten Antony
på islendsk. Å jø!

Med linor som dette:

Ég fletti rólega bakvið lendarnar hvernig
Ég skafa öldurnar eins og sund fram á við
Leyfðu mér að fletta ofan af mér
Allt sem mig langar í er ad mýkjast öll að innan endalaust


(Eg flettar roleg attum veikryggen, korleis?
Eg skjer bylgjone som eit sund frametter
Lat meg fletta nedyver meg
Alt eg trår etter er ved å mjukna innanfrå, endelaust)

Men Björk hev eg sét i Reykjavík, so.
Antony aldri.
Til no berre ei røyst i spelaren.
Eit sog, eit sus av noko større.
Men no.
8. oktober.




7 kommentarer:

Engeline sa...

Dette MÅ høres.

fridtun sa...

Ja. Og fortel meg gjerne kva du tykkjer.

Engeline sa...

Jeg er veldig, veldig glad i Antony and the Johnsons, men jeg har ikke hørt Bjørksamarbeidet før nå. Det er jo dødsstilig! Og jeg visste i alle fall ikke at han har lært seg islandsk!
Silje og jeg var faktisk på konsert med ham i Bergen i 2008 eller deromkring. Han er nydelig (!) på scenen. Veldig, veldig queer. Jeg har vurdert lenge om jeg skal bruke penger jeg ikke absolutt ikke har, på en konsertbillett til.

fridtun sa...

Sant å segja trur eg ikkje han kann islendsk, anna en dei ordi han syng i songen.

Du, eg hev tvo billettar til konserten i oktober, og eg skal berre hava ein sjølv. Du kann få kaupa den andre eg hev til ein rimeleg pris. Tygg litt på det, i alle fall ;)

Zeugma sa...

Åhåhåhå, dette blir så bra! Når eg blir stor, skal ikkje eg heller vera mann eller kvinne.

fridtun sa...

Æ glær mæ!

elise sa...

lukke!:)