torsdag 6. mai 2010

gobbledigook

Er du leid? Er du keid? Treng du å fylla på med ei dugeleg mengd gaman og gleda? Då skal du sjå dette klippet, med Sigur Rós og Björk som deljar og slær på ei tromma medan ho hoppar upp og ned.

Gobbledigook er noko for seg. Og teksti er um lag so, eg hev freista halda på den upphavlege ordfylgdi:

du hattar fjuka let upp i luft
du paraply snur upp ned altfor ofta
å, nei, ikkje, åh!
du på tak fljuka ut på brotsjø
du håret strjuka - hovudprydnaden av slo
rampegut!
vind i håret
vind i håret
vind i håret
vind i håret
du augo fjuka i sand - tårast
du tyggis i hendene - hår fast
rampegut!
vind i håret
vind i håret
vind i håret
vind i håret


*

4 kommentarer:

Hjartedill sa...

åh, no vart eg skuffa, eg som trudde det var TROMMA som skulle hoppa opp og ned...

fridtun sa...

Haha, det var då leidt, dilldall! Men ingen grunn til å vera vonbroten - vindur i hárinu lalalalala!

ida sa...

å, det såg kjekt ut!

fridtun sa...

J-A! Og seinast i går hermde André etter Björk, med kjøkenbordet som tromme og - horribile dictu! - to handflagg som trommestikker. Han greidde herminga godt.