lørdag 16. mai 2009

or høgtalaren

Eg sette på radioen i dag, på slump, på P2, og eg landa midt i Visebølgen, og midt i "Menuett i mai". Det må vera den vænaste mai-songen som nokon gong er smidd i hop. Han trefte meg - som alt anna no um dagane - midt i hjarteroti. Det var som eg brått sat på trammen i lag med ein gamal ven, eller ei bestemor, ei syster, ein mild og livleg maikveld, slik berre maikveldar kann vera.

Takk, Sandbeck. Eg lånar nokre strofor 'ta deg og pryder vevritsida mi med deim:

Vil du bli med i menuetten
i de grogrønne mainetten'
når det våres, når det våres
utmed gangsti og vegg
Vil du leke og gle' deg
tar du kjæresten med deg
uti skogen når det lever
milla bjørker og hegg

Det er ongdom og det er drømmer,
det er lengsel i alle gjømmer,
sjå det gjynger, sjå det gjynger
i en fin menuett
Det er sammar i vente,
det er lykke å hente.
Det er livet som forærer
deg en blomebukett

Og det synger i menuetten
i de grogrønne mainetten' -
ingen spådom, ingen spådom
kan formørke ditt sinn
Der fast under sola,
det er gamalt på jorda:
Je vil leve, je vil finna
en å kalle for min

4 kommentarer:

Åsta Mari sa...

En av yndlingssangene mine, faktisk:)

fridtun sa...

Sjå der, ja! Å, du er eit edelt menneske. Med god smak, og mjukt hjarta.

Toten sa...

Jeg sang i kor i sju år, og der var Menuett i mai en del av det faste repertoaret. Husker vi sang denne enten tostemt eller trestemt. Det her vekket virkelig minner. :)

fridtun sa...

Neggu! Eg visste ikkje at du var gamal korsongar. Kannhenda du hev sagt det fyrr, men so hev eg gløymt det. Fint å vekkja minner :)

Og du fær e-brev snart, når eksamenssesongen er endt. :)


-kristin