tirsdag 26. mai 2009

ein tysdag. eit bilæte. XIII. & noko attåt

Her kjem siste tysdagsbilætet nokon gong. I minsto frå denne gluggen.
For no er skuleåret endt og snart snur eg nasen mot Elverum.
Når skulen tek til att,
bur eg i lag med han André. Storgilde saker!
Siste eksamenen var i dag, millomalderlatinen,
og det gjekk godt dét,
men endå betre er fridomsferdi ein kann leggja ut på
etter at alle papir er greidde or neven
og ein hev sagt hej og far vel til kvar og ein
og er attkomen i seg sjølv [for ein er ikkje reint seg sjølv i denne eksamenstridi]
og læt sæla siga innpå ein.
Fridomsferdi, ja, då knyt ein lissone og legg i veg innetter skogstigen,
og dét skal eg segja, at når alt er undangjort og ein ikkje treng gruna og gruva seg,
då er det mesta som heile skogen rykkjer eit stig nærare,
liksom ein hev reinsa linsa,
kvar stuv, kvar stein, kvar bekkjeklunk,
dei fær fritt gjenge til hjarta og haus,
og det segjer seg sjølv at veike sjæler vert styrkte av slikt.

Men til saki: Eg skal leggja ut det siste bilætet, og det tok eg i dag tidleg, etter morgonverden og fyre tonnstellet. Men fyre dét skal de få sjå heile gullrekkja, men utan bilæte IV og VI, for dei er frå Elverum og Femundsmarki. I alt trettan bilæte er tekne tysdagsmorgonen klokka halv åtte.
Her, veit de:

3. mars



10. mars:



17. mars:



31. mars:



14. april:



21. april:



28. april:



5. mai:



12. mai:



19. mai:



Og i dag, 26. mai:



Det er ei sæl, men gåtefull jord me bur på, som lagar til sovorne under for oss kvart år.
Signa våren!

11 kommentarer:

Engeline sa...

Åh. Jeg tror jeg skal vende tilbake til denne bloggposten neste mars. Åh.

Ragnil sa...

Du skriv så fint du, Kristin. Ein bloggbost hjå deg fører oftast til eit smil hjå meg, og gjerne at skuldrande senkjer seg nokre hakk (enda eg ikkje trudde dei kunne senkje seg meir). Og så godt å sjå tysdagsbileta dine etter kvarandre. Våren er yndligstida mi, nett på grunn av denne forvandlinga som er like fortryllande kvart år!

synnøve sa...

So fint skrive!

Eg er litt misunneleg for det med mellomalderlatinen - me har ikkje vore borte i slikt i det heile teke.

Sunniva sa...

Signe våren, det sier jeg også!

Unknown sa...

Jag håller med, du skriver verkligen fint! Inte förstår jag allt, det är en utmaning att läsa nynorskan.
Vad spännande att se bilderna så där med naturens rörelser, fast det är samma plats och likadan tid på dygnet. Det ska jag prova någon gång att göra.
Ha det så bra i vår- och sommartiderna. Kram

fridtun sa...

Huhei! Her var det livat!
Triveleg at alle ville koma. ;)

Takk skal de ha, alle i hopes.
No er eg heimkomi etter eit døger med pakk-rydd-vask-flytt og bilkøyring (men HALLO, me bur i det vænaste landet i verdi og me (far & eg) køyrde gjenom eit lass av væne dalar (Drivdalen, Gudbrandsdalen osb.) og såg høge fjell og djupe vatn. Og me såg moskus på Dovre.)

So kjem ei personleg melding til kvar:

Engeline-pellinor: Du er hjarteleg velkomi til å venda attende til posten - år etter år. Kann henda finn eg nye motiv og nye vårteikn å vakta på. Um so er, skal eg melda ifrå.

Ragnil/Lom: Ingenting er som å få deg til å smila! Du er jo ein knupp, rett og slett.

Synnøve: Ja so, de les berre Caesar og Cicero og Vergil og desse gutane der?
Mykje snadder frå millomalderen òg. Men han der Aquinas er neimen ikkje lett å hanskast med. Då er det greidare med munkelatinen.

Sunniva: Og signa Røverdotteri!

Dana: Hej du, det var lenge sidan! Godt at du nyter orda, endå nynorsken er gamall og gåtefull ;) God vår og sumar til deg òg, og til Kisse!

Ha ein god 28. mai!

fridtun sa...

(hm, eg må berre orsaka at svaret mitt ovanfor vart i overkant hoppsprudlande og svinsutt og unyansert - men det er fyrste feriedagen heime i Elverum , og eg råder ikkje med anna)

synnøve sa...

Gløym ikkje Catull og Horats. Veit ikkje om eg ville bytt dei med munkane, men det hadde jo vore litt feitt å bryna seg på mellomalderlatin - det einaste eg har lese av slikt, var eit kort stykke om St. Hallvard i læreboka Omnibus 2...

fridtun sa...

Hehe, ja, me nyttar den Omnibusboki ein del. Vulgata, Tjodrik munk, Heloïse og Abelard, og i tillegg Karl den Store, Frans av Assisi osb.
Eg trur sjølve latinen er "verre" hjå dei antikke skrivarane, medan sjølve "tolkingi" er vanskeleg med millomalderlatinen, av di det er so mykje vingling millom former og skrivemåtar og slikt.
Men nok um det.
Latin er nyttig kor som er!

GOD SUMAR!

signe sa...

Så triveleg at de skal flytte saman, superbestisar! Eg kjem til å sove på tramma dykkar.

ida sa...

å, sjå treet er ekstra fint på bursdagen min, då! kjærleik og lukke!