tirsdag 10. juni 2008

Fridtun byd atter på tevling

Innlegg skal med skjemt skrivast, og ikkje med uhug tyngjast.
Sumtid, i minsto.

Eg vonar de toler endå nokre linor um og med tekster frå den gamle bokheimen. Der er mykje gildt som ungdomen i dag ikkje gyv på eller er nøydde til å lesa på skulen. Hau. Inkje er som å vera nedsokken i dei vyrde Edda-kvædi våre.

I dag hev eg valt "Allvismål" som emne. Dette gudekvædet er å finna Codex Regius av Edda. Allvis og Tor stridast. Allvis krev å få dotter åt Tor, men Tor neittar. Allvis lyt fyrst syna at han er allvis, at han kann segja Tor alt han vil vita. Tor fretter ut Allvis, for det meste vil han vita kva dei kallar ymse ovringar og verdslutar (til dømes jord, himmel, skog, sol) i kva heim. Heimane skal no, i Fridtun-loggen, tevla um kven som hev dei beste namni.

Medtevlarane er Mannheimen, æsene, vanene, jotnane, alvane, dvergane.
Greidt? Alle med? Klår - køyr!


1) Kva kallar de JORDI?

Mannheim: jord
Æser: fold
Vaner: vegar
Jotnar: i-grøn
Alvar: groande
Dvergar: aur


2) Kva kallar de HIMMELEN?

Mannheim: himmel
Æser: høgkvelv
Vaner: vindvevar
Jotnar: oppheim
Alvar: fagerloft
Dvergar: drjupande sal


3) Kva kallar de MÅNEN?

Mannheim: måte
Æser: mule
Vaner: -
Jotnar: skundar
Alvar: årmål
Dvergar: skin
I Hel: kvervande kvel


4) Kva kallar de SOLI?

Mannheim: sol
Æser: sunne
Vaner: -
Jotnar: gloheit
Alvar: fagerhjul
Dvergar: Dvalins svik


5) Kva kallar de SKYER?

Mannheim: sky
Æser: skur-von
Vaner: vindflot
Jotnar: ur-von
Alvar: vêr-kraft
Dvergar: -
I Hel: hylje-hjelm


6) Kva kallar de ELDEN?

Mannheim: eld
Æser: lòge
Vaner: glovåg
Jotnar: frèke
Alvar: -
Dvergar: øydar
I Hel: hastar


7) Kva kallar de SKOGEN?

Mannheim: ved
Æser: vollfaks
Vaner: vònd
Jotnar: eldvyrke
Alvar: fagergrein
Dvergar: -
I Hel: hei-tang


8) Kva kallar de NATTI?

Mannheim: natt
Æser: naudsvart
Vaner: grime
Jotnar: u-ljos
Alvar: svevngaman
Dvergar: draumehilder


Jau. Das war alles. Eller, eg tok ikkje med alle versi, berre deim eg tykkjer best um. Ah, eg elskar når ein nyttar nye eller andre namn på ting. Ikkje dei vanlege, automatiserte, nemningane. Kall det kva du vil, metaforar, similar, heite, kenningar - berre det set i gang tankekverna, gjev skallen litt å bryna seg på. Gjer so me ser verdi på nye måtar. Eller, med ordi åt Viktor Sjklovskij, kunsten underleggjer. Svari frå Mannheim set ikkje kveik i meg, men når æsene kallar skogen for "vollfaks", so hender det sumt i knollen. Eller i heile likamen. Um eg ikkje fær "livsfølelsen tilbake", eller "følelse for tingen", so er det eit slags syn, ei uppvakning. Jau. Godt.


Eg skal no fella domen. Me lyt ha ein vinnar. Ikkje veit eg um de er samde, men her kjem'n:

Eg tykkjer det er tvo som skil seg, det er vanene og alvane. Um eg skal gjeva ut gull, sylv og bronse so gjer eg det slik:

Gull: "fagerloft" um himmelen (alvar)
Sylv: "vindvevar" um himmelen (vaner)
Bronse: "groande" um jordi (alvar)

Alvane vert trekte so smått med di dei jamt nyttar "fager-" som fyrefeste (fagerloft, fagerhjul, fagergrein), det vert litt ... flatt, men samstundes legg dei att ein slags signatur, eit merke, teikn. Vanene hev for vane (!) å nytta "vind-" på same måten (vindvevar, vindflot). Dvergane gjer det au kvasst med "drjupande sal" og "draumehilder", og æsene er på god veg når dei kallar skyer for "skur-von". Men det held ikkje til topp-plassering. Eg likar alvar, og eg likar vaner. Vanene gjer det godt med "glovåg" for eld, medan alvane hævdar seg med "svevngaman" for natt.

Nei. Dette var vandt. Eg trur det er best at logglyden (dykk som les) kjem til med sitt, so fær me sjå um det løyser seg då. Kven bør vinna?

7 kommentarer:

Engeline sa...

Du velger bra, min venn, du velger veldig bra. Jeg kunne nesten ikke valgt bedre selv. Det er jo så mange fantastiske ord her at en blir aldeles litt ør av fryd!

Personlig falt jeg for det meste for alvenes forslag. Selv når de gjentar seg. Fager er dessuten et ord jeg er glad i, de kunne valgt verre. Det er nesten umulig å velge hvilket ord som er penest, men om det skulle plukkes èn vinnergruppe som vet å sette vakre ord på ting, ville jeg velge alvene. Hvis jeg noensinne skriver om alver, tror jeg de skal prate sånn. Og Fagerhjul for solen og svevngaman for natt tror jeg at jeg skal begynne å bruke i dagligtalen, bare for å være litt merkelig og fordi det var så veldig vakkert.

Med dvergene på en god andreplass. Er det underlig at de krangler og er lite venner, når de begge er så poetiske at de må være i kronisk konkurranse? Dvergenes draumehilder var tross alt nesten like fint som alvenes svevngaman. For ikke å snakke om drjupande sal og Dvalins Svik.

Hvem var Dvalin, og hvordan sviktet han?

Anonym sa...

Takk for merknad!

Du spyrr vanskelegt. Eg hev røkt etter svaret sjølv, men veit neiggu um eg hev funne det. Dvalin er ein dverg. Han vart laga av blodet og kjøtet av jotunen Yme, som dei andre dvergane (sjå til dømes Voluspå strofa 9-10-11). Når einskilddvergar, som Dvalin, vert namnt kann det ofte vera som namn for heile dvergeætti, ikkje berre han sjølv (typ pars pro toto). Dvalin er bruka slik i til dømes Fåvnesmål. Dvalin er òg namnet på ein av dei fire hjortane som et av greinene på Yggdrasil. Men eg held det for meir sannsynt at det er tala um dvergeætti.

Men ikkje veit eg kva dei hev gjort. Kanskje Silje veit. Eg hev grave og leita, men kjem ikkje nokon veg, ikkje med Snorre-Edda og ikkje med den eldre Edda. Men eg gjev meg ikkje, for eg tenkte det same sjølv. Hau.
:)

Engeline sa...

Dvalin er for øvrig også en av Bilbos mest trofaste venner på hans første reise ut av hobbitland, i det langt yngre verket "Hobbiten - eller veien frem og tilbake". Som jeg tror du vil like, til og med bedre enn ringdrotten. Selv om det nok må bli på engelsk eller bokmål.

Anonym sa...

Å-ja, Tolkien hev lese Edda-kvædi nægje. Tak eit namn som Gandalv, til dømes, det er henta frå Voluspå strofa 12.

Eg trur boki finst heime her ein stad, eg skal leita litt. For tidi driv eg med Woolf og Dalloway. Inspirert av uppgåva di.
:)

Engeline sa...

Så spennende at jeg inspirerer deg! Jeg blir så glad av sånt! Si ifra hvis du har spennende tanker om emnet, for det har du helt sikkert, og det er ingenting i verden som er så kjekt som å diskutere litteratur med fine folk.

Silje sa...

Skyr ikkje dverger sola, at ho er farleg for dei? Dei bur jo nedi jorda eller inni fjell. Om Dvalin kunne stå for ei heil dvergætt snarare enn ein enkeltdverg (pars pro toto, ja), kan det vere på grunn av det at sola svik dei. Eller kanskje Dvalin som einskilddverg gjekk ut i sola og vart drepen av ho? Eg er på ustø grunn.

Anonym sa...

Det er jaggu ein god teori som eg hev tru på. Eg legg leitingi litt på is no, men ein dag kjem vel svaret fram. Då skal eg tenkja på forne tider og interessant bloggkommentarar frå gode vener!